Vågøy kyrkje

 

18.02.2015

Langskipskyrkja vart bygd i 1904 etter at den gamle raude tjærebredde korskyrkja i tre brant opp ein uversdag i 1900. Gapestokken på Maihaugen sto opprinneleg ved Vågøy kyrkje, men vart seld på auksjon grunna pengemangel ved kyrkja. Det er verte sagt at kyrkjeskipet som heng inne i kyrkja, alltid snur baugen mot den retninga vinden har ute. Vågøy kyrke var kyrkje for folket på Tornes og Bjørnsund. Kyrkja har ca 450 sitjeplassar.

Soga om Vågøy kyrkjestad

Kva tid den første kyrkja på Vågøya vart bygd, veit ingen no. Truleg kom det eit kyrkjehus her første eller andre hundreåret etter innføringa av kristendommen i Noreg. Snorre fortel at Håkon den gode (konge i Noreg 945 - 960) forsøkte å kristne landet. Då han tok opp saka med nordmøringane og romsdølane, ville dei ikkje seie noko bestemt for dei høyrde kva trønderane gjekk inn for. Som kjent låg Raumsdøla og Nordmøra fylke inn under Frostating. Håkon den gode kom ingen veg med kristningsforsøket i Trøndelag, -ja, Snorre fortel at han til slutt vart tvinga til å blote. I følgje Snorre bygde kong Håkon kyrkjer «på Møre», og fekk prestar sendt frå England. Omgrepet «Møre» var den gongen namnet på landskapet mellom Stad og Namdalen. Det er såleis uvisst kvar dei første kyrkjer vart bygde - og om nokon av dei vart reiste i Romsdal. I alle høve meiner kyrkjehistorikarar at overgangen til kristen tru tok til i siste halvdel av 900-talet. Den såkalla Kulisteinen i Edrøy prestegjeld er t.d. datert til 960-åra. Eirik-sønene, som etterfølgde Håkon som kongar, var kristne - dei reiv ned gudehov, fortel Snorre, men elles hausta dei helst berre motvilje. I Håkon Jarl si styringstid, fram til 995, fekk Asatrua ny styrke, truleg vart dei første spirer av kristendommen sterkt svekte i denne tid. Olav Trygvason (konge i Noreg frå 995 - 1000) kristna områda langs kysten - til dels også Trøndelag. Kristningsverket vart fullført av Olav den Heilage. Det er såleis vanleg å rekne innføringa av kristendommen i Noreg frå 1030 (etter slaget på Stiklestad). Dei første kyrkjer var små trehus. Det er ymse teoriar om korleis dei såg ut. Somme hevdar at dei likna gudehova, og at slike hus stundom vart vigsla til kyrkjer. Sidan me ikkje kjenner til kultstadene i heidensk tid i Fræna, kan ein ikkje seie at det har vore eit heidensk gudehov på Vågøya, eller nokon annan stad i Ytre Romsdal, og at pionerkyrkjene vart bygde på slike stader.

Etter Olav den heilage sin kristenrett (Frostating) skulle det vere minst 2 kyrkjer i kvart fylke. Det er rimeleg å tru at ei av dei to første kyrkjer i Raumsdøla fylke vart reist i Ytre Romsdal, men kvar dette kyrkjehuset stod, er ukjent. Ei interessant hypotese kan vera at kongsgarden på Hustad har spela ei rolle ved valet av Vågøya som kyrkjestad, sidan Vågøya truleg var «krongods» i eldre tid. I Trøndelag vart kyrkjene nokså jamnt bygde på gardar kongen åtte. Elles var det hauldane (storbøndene) som bygde kyrkjer, etter vedtak på bygdetinget. Konsentrasjonen av store gravrøyser i Tornes-Vågøy-området tykkjest vise at det budde mektige bønder her i viktingtida. Valet av Vågøya som kyrkjestad er knapt berre ei følgje av at øya låg sentralt til den gongen sjøen var allfarveg. Øya kan også ha vore ein samlingsstad i andre samanhengar. Ein finn det derfor nødvendig å drøfte kva geografiske inndelingar det historisk sett har vore i Fræna.

DISTRIKTSINNDELINGAR, BAKGRUNN FOR DESSE

Det norske bondesamfunnet hadde i tida før rikssamlinga tre hovudområde for fellestiltak: Forsvaret, tingskipnaden og religionen. Eit organisert forsvar vart etablert.nokså tidleg etter at vi fekk fast busetnad i Noreg. Den leidangen Håkon den gode innførte midt på 900-talet, bygde såleis på eldre forsvarstradisjonar, men kongen inndelte no kystområda iskipsreide, som kvar for seg skulle stille eit skip med mannskap til rådvelde, for å verje landet mot åtak utanfrå. I Raumsdøla fylke var det opphaveleg 10, seinare 8 skipreide. Skipreida i Romsdal vart kalla åttungar, eit av desse dekte med visse modifikasjonar noværande Fræna kommune. Skipreidet vert i skriftlege kjelder kalla «Fræna àthunge» (1412), «Styms àttunghe (1448), og seinare «Vaage», Vàgø» o.l. i fleire hundre år. Skipreidet var også eige tinglag. Også her finn me att uttrykket «åttung», og same namn som for skipreidet. Namnet (nemninga «tinglag» kom i bruk etter 1820) «Vågøy tinglag» eksisterte såleis som judisiell nemning til kommunesamanslåinga 1964, då namnet vart endra til «Fræna Tinglag». Ein svensk forskar påviser at langs norskekysten vart gamle inndelingar i fylket, tinglag og skipreide lagt til grunn for sokneinndelinga, då kristendommen kom til landet. Dette må ha skjedd også i Fræna. Ei av dei eldste skriftlege kjelder frå Fræna er eit tinglysingsbrev i høve eit jordsal på Haukås, skrive på Vågøya 28. januar 1336. Det er dette brev som er grunnlag for jubileet - siden Hermund prest er nemnt. Brevet viser at Vågøya då var både tingstad og kyrkjestad. I førstninga var nok soknegrensene flytande. For Ytre Romsdal vantar det dertil fullverdige granskingar av gamle distriktsinndelingar. Men tienderekneskap og fogderirekneskap, den eldste matrikkelen og militære rullar indikerer at soknegrensene fleire gonger har vorte endra på begge sider av Julsundet. Vågøy (åttung) tinglag omfatta såleis ei tid noverande Fræna, (bortsett frå Helset skulekrins, som låg til Sund tinglag) og Nord-Gossa, så langt inn som til Riksfjord. Tingskipnaden og sokneinndelinga fell ikkje heilt saman, m.a. er det uklårt om Helset i geistleg samanheng har tilhøyrt Aukra eller Vågøy sokn. Derimot tykkjest det avgjort at mange gardar på Nord-Gossa kyrkjeleg sett har tilhøyrt Vågøy. Det ein ikkje veit, er opphavet til desse grensene, og kvar dei i detalj gjekk i terrenget. Dette får ein eventuelt kome attende til, når nødvendige undersøkingar er gjennomført.

Det som har interesse for noverande tidspunkt, er at Vågøy kyrkjesokn før har hatt ei anna arrondering, og at dette truleg har rot i svært gamle distriktsinndelingar i Ytre Romsdal. Talet på prestar var mykje større i høve folketalet i katolsk tid, til vanleg var det ca 150 menneske pr. prest, d.v.s. at det må ha vore minst 3 prestar i Vågøy tinglag (åttung), dersom folketalet her jamnt over var som i resten av Romsdal på 1100-talet. Første gongen ein høyrer om Vågøy kyrkjesokn, er i det såkalla Stavikbrevet frå 1412, der det m.a. heiter: «Stafwiik er liggar hii Fræna àttung okj Wàgøy kirkio sokn.» Etter dette må det ha vore minst 2 kyrkjesokn i Fræna åttung (Vågøy tinglag) på denne tid. Om det har vore noko hopehav med Aukra prestegjeld i 1412 (Sundsåttung) er ukjent, men t.d. Aslak Bolts jordebok frå 1442 tykkjest vise at Vågøy sokn periodisk har lege under Aukra prestegjeld også i tida før reformasjonen. Eit tinglysingsbrev, dagsett 29. april 1529, skrive under eit «fjerdingsting» for Sund og Vågøy, på Vågøya, seier m.a.: «vij efttherscreffne ssuorne lagrettsmen y Aakerøen, Vaaghæ og Hustad prestegjeld osv.» Dette kan tolkast som at det var tre prestegjeld i Ytre Romsdal i 1529.

Svartedauen 1349 reduserte folketalet sterkt. Det er gjort visse utrekningar på grunnlag av nedgangen i landskyld til erkebispestolen i Nidaros, og i følgje dette har sotta gått serleg hardt ut over Indre Romsdal. Sume utrekningar syner at Sunds åttung miste ca 1/3 av folketalet. Tilsvarande tal vantar for Vågøy, men truleg var tilhøva nokså like i Ytre Romsdal. I alle høve medførte Svartedauen skippel i sokneinndelinga. For det første minka talet på prestar i Nidaros bispedøme frå omlag 300 til ca 40, og dertil var både folketal og innkomer så reduserte at samanslåing av prestegjeld var nødvendig. Asbjørn Øverås meiner at Raumsdøla fylke då vart inndelt i 3 prestegjeld, men om dette var ei permanent ordning, tykkjest uklårt, (jfr. tinglysingsbrev frå Vågøy 29. april 1529). Med reformasjonen vart heile Ytre Romsdal organisert som eit prestegjeld, med Aukra som hovudkyrkje. I «Trondhjems Reformats» 1589 vert kyrkjeordninga fastlagt, med talet på gudstenster m.v.i kvar av dei 7 kyrkjene som låg under Aukra prestegjeld. Denne skipnaden stod ved lag i omlag 180 år. Oppløysinga av det store Aukra prestegjeld skal ein kome attende til i samband med sokneinndelingar av nyare dato.

SOKNEDELINGSSAKENE

Bud og Hustad annekssokn vart fråskilde Aukra prestegjeld ved Kgl.res. av 4.4.1755, med Bud som hovudkyrkje. Det ser ikkje ut til at grensedelinga mot Vågøy sokn har vore oppe i 1755. Ein må derfor tru at grensa her var fastlagt i katolsk tid, og at folket aksepterte soknedelinga. Grensa mellom Bud og Fræna prestegjeld er såleis svært gamal - truleg går ho attende til den første kristne tid. Vågøy-kyrkja heldt fram med å vere annekskyrkje under Aukra i over 100 år, men delingsspørsmålet kom opp tidleg på 1800-talet. Grunnen til det var at folketalet i Aukra prestegjeld hadde vakse, t.d. hadde Vågøy over 1800 innbyggjarar. Men viktigaste grunnen var nok endringar i lokalforvaltninga. Fræna hadde vorte eigen kommune frå 1840. Dette skapte kornplikasjonar i hopehavet med Aukra, ikkje minst for presten, som skulle vere formann i to fattigkommisjonar og i to skulekommisjonar (Aukra og Fræna), i følgje lovverket. Dertil låg Vågøy og Aukra i kvar sitt tinglag (Vågøy og Sund).

Eit viktig moment var også omlegginga i kommunikasjonane. Fræna er ein fastlandskommune og dei første vegbyggingsplanar var alt komne til kommunestyret, som bla. vedtok bygging av veg frå Bud til Molde 1857. Sokneprest Rode i Bud hadde ved skriv av 6. mars 1855 teke initiativet til deling av Aukra prestegjeld. Han tilrådde at Vågøy sokn vart tillagt Bud prestegjeld. Det siste vart samrøystes avvist av Vågøy sokn sitt representantskap 24. mai same år. Viktigaste innvending var omsynet til folket i Søre Fræna, som ville få lang veg til prestekontoret i Bud. Prosten i Romsdal prosti (Frost) gjekk inn for å dele Aukra, ved å gjere Vågøy til eige prestegjeld, når presteembetet i Aukra blei ledig. Han viste til at folketalet var aukande i Vågøy sokn, vidare nemner han at dette soknet «af alle sogne i provstiet havde de fleste betingelser for fremadskriden». Han påpeiker også at Julsundet er «et af de farligste farvand i distriktet,). Det var ikkje sjeldan med messefall i 2-3 mnd på Vågøya, for skuld dette, hevda han. Det ser ut til at framlegget frå prosten vann tilslutning både i Aukra prestegjeld og hos dei kyrkjelege autoritetar, som skulle avgjere saka.Ymse detaljspørsmål, som dei økonomiske sider ved delinga, prestegardsspørsmålet m.v., var oppe i «communebestyrelsen i Vågøy». Formannskapet tilrådde at enkjesetet på Vågøya burde bli ny prestegard. Grensene for det tiltenkte prestegjeld kom opp til drøfting, såleis reistestiftsdireksjonen spørsmålet om ikkje Søre og Nordre Bjørnsund burde skiljast frå Vågøy sokn og tilleggjast Bud. I staden burde Julsunds-delen av Aukra, frå Haukebøen til Lauvåsen, overførast til Vågøy. Saka vart førehavd i «Vågø sogns communebestyrelse» den 28. desember 1858. I vedtaket heiter det m.a.: «Bjørnsunds henlægelse til Bo og Julsundet til Waagø anser communebestyrelsen paa grundt af Lokalitetene for fremtiden hensigtsmessig, men saasant at Julsundets beboere ikke kunde være tient med den Plads i Waagø Kirke Strandsidderne i Bjørnsund haver hafts» O.S.V. - så frårådde kommunestyret ei slik arrondering av Vågøy sokn.

Ein kunne ikkje rekne med at Vågøy-kyrkja vart utvida, eller at ny kyrkje vart bygd i nær framtid, seier kommunestyret. Dette vedtaket fortel vel først og fremst at gardsbenkane i kyrkja var reserverte for grunneigarar i Vågøy sokn. Kommunestyret rekna truleg ikkje med at bøndene innover Julsundet ville finne seg i å verte plasserte på galleriet, der bjørnsundingar og andre eigedomslause heldt til. Dessutan var kyrkja for lita, hevda kommunestyret. Det siste får me snart høyre meir om. Ved Kgl.res. av 1859 vart Vågøy sokn utskilt frå Aukra prestegjeld og vart eige prestegjeld frå den tid. Namnet vart Frænen prestegjeld, etter framlegg frå prosten. Kommunen fekk dette namnet frå 1860.

Ein viss tvil var det kring Bjørnsunds tilknytning, men for skuld dei uttrygge levekåra i fiskeværet og stort «fattigbudsjett» for øygruppa, vart det bestemt at været skulle tilhøyre Vågøy, som før, sidan Bud til dels hadde same næringsgrunnlag som Bjørnsund. Grensene mellom Bud, Fræna og Aukra prestegjeld vart ved dette fastlagte slik dei er i dag, bortsett frå at garden Lauvåsen vart tillagt Aukra så seint som i 1964. Delinga av Aukra prestegjeld 1859 markerer slutten på eit langt kyrkjeleg «samliv» mellom Aukra og Fræna. Meir eller mindre ubrote har det geistlege fellesskap for desse bygder vart i over 400 år. I glede og sorg har kyrkjelyden her møttest på Aukra eller Vågøya, når klokkene i alle desse år kalla folket saman over Julsundet. Etableringa av det nye prestegjeldet er utførleg omtala i jubileumsskriftet for Myrbostad kyrkje 1980 («Frå ætt til ætt»). Eg finn det derfor ikkje nødvendig å omtale, eller å ta oppatt det som er sagt der. Den første presten, Josef Jervell, kom frå Molde. Han vart ein av dei prestane som kom til å sette merke etter seg i lang tid framover. Sokneprest Jervell fekk ved eit makeskifte for enkjesetet Vågøy og Myrbostad-haugen flytt prestegarden til Myrbostad i 1867.

Flyttinga av prestegarden innvarsla ei ny soknedelingssak, som kom til å dominere den politiske debatt i Fræna kommunestyre i ca 25 år.Same året som Kyrkjedepartementet godkjente kjøpet av Myrbostadhaugen, kom det eit «Andragende fra 58 gaardbrugere i Indre af Frenen om Prestegjeldets Deling i 2de Sogne, samt Opførelse af en Kirke, saadan den man allerede har, eller at nedrive Vaagø Kirke og i dens sted opføre en større Kirke paa et mere bekvemt sted -».

Dette skriv delte Fræna kommunestyre omlag på midten, og argumentasjonen for og mot soknedeling og bygging av ny kyrkje, var den same frå starten, på begge sider.

Delingsfraksjonen hevda at Vågøy-kyrkja låg ulagleg til for fleirtalet av dei kyrkjesøkjande, no når det vart vegar på begge sider av fjorden. Anten burde kyrkja flyttast til Indre Fræna, eller så kunne soknet delast etterfjorden, med ei ny kyrkje på nordsida. Men både delingslina - og ikkje minst plasseringa av den påtenkte kyrkja skapte usemje. Representantane frå Stavik/Løset krinsar ønskte Eidem som kyrkjestad, og ny soknegrense på Julset. Bjørnsundingane og representantar frå Søre Fræna ville halde oppe soknet som før, av di det var dårlege hamnetilhøve langs nordsida av Frænfjorden. Sidan soknedelingssaka er omtala i jubileumsskriftet «Frå ætt til ætt», 1980, tek eg ikkje med meir her. Ved Kgl.res. av 5.1.1878 vart Vågøy sokn delt tvers over fjorden med grense frå Sommarnes til Rønningen (Håset grense), og ny kyrkje vart bygd på Myrbostad 1880.

KYRKJEEIGARANE

Vågøy-kyrkja vart kjøpt av Amtmann Must i 1725. Bakgrunnen for det er: Danskekongen slo under seg omlag alt benifisert gods som hadde tilhøyrt den katolske kyrkja i Noreg, ved reformasjonen. Kyrkja skulle no verte ei statskyrkje. Men på 1700-talet fann kongen på å selje kyrkjene med eigedomar. Amtmann Must selde Aukra og Vågøy kyrkjer i 1727 til desse 8 bønder for same pris som han sjølv betalte, (625 rdl): Anders Knudsen Helset, Knut Madsen Eidskrem, Povel Madsen Eidskrem, Mads Knudsen Jendem, Torfinn Asbjørnsen Reistad, Knut Gundersen Hegdalsvik, Rasmus Ingebrigtsen Benset og Anders Arnesen Orset, med klausul om vedlikehaldet på kyrkjene, mot at dei fekk disponere inntektene og eigedomane som følgde kyrkjene. Etter som det ikkje er utført noko granskingar av kyrkjeeigarskipnaden i Vågøy, må eg berre ta fram ein del moment som fekk innverknad på kyrkjesakene i Fræna siste halvdel av 1800-talet. Sal av kyrkjepartar, arveskifte m.v., auka eigartalet. Hans Haukås nemner at i 1874 var talet på kyrkjeeigarar kome opp i 122. Hertil kjem ein uklår eigardel som tilhøyrte «almuen». Ole Olsen Eidskrem selde f.eks. i 1852 1/8 part i Vågøy-kyrkja til «almue» for 300 rdl. Under diskusjonane om soknedelinga og eventuelt bygging av nye kyrkjer i 1870-åra, vart spørsmålet både om eigartilhøva for kyrkja og pliktene for kyrkjeeigarane reiste. Kommunestyret valde Peder E. Hestad og Ole Julset til å undersøkje dette i 1875, men dei måtte melde attende at dei «ingen bestemt Oplysning kan give om Eierforholdet». I 1878 fastslo eit fleirtal i Fræna kommunestyre at Vågøy-kyrkja måtte reknast som privat eige. Mindretalet var i tvil om det. Likevel står det fast at kyrkjeeigarane hadde eige styre, at dei heldt årlege møte, og at dei disponerte eigedomane m/inntekter slik dei ville. Rekneskapsbøkene syner at parteigarane fekk utbetalt årleg utbytte, etter den eigardel dei åtte. Ein såkalla «storpart» gav over 300 kroner pr. år, for dei minste partane var utbyttet nokre få kroner. I 1899 vedtok kyrkjeeigarane å overdra Vågøy-kyrkja til kommunen for 500 kroner. Alle gardane Vågøy-kyrkja åtte var no avhenda, bortsett frå Indre Lindset, som vart seld i 1904. Det same gjaldt tiendebua, som stod på Løset. Siste kyrkjeeigarmøtet vart halde 3. juli 1905. Kasseraren fekk dei kr 7,12 som var att i kassa. I praksis ytte ikkje kyrkjeeigarane noko til nybygging av kyrkjer, men fleire gonger baud grupper av eigarar seg til å delta i byggekostnadene, om kyrkjene vart lokaliserte på bestemte plassar. Etter som det siste ikkje vann tilslutning, fall tilboda vekk, men kyrkjeeigarane var heile tida medspelarar i kyrkjestridane i Fræna, 1870-1904.

KYRKJEHUSA PÅ VÅGØYA

I følgje tradisjonen skal det ha stått to stavkyrkjer på Vågøy. Den første veit me ikkje noko om - korkje om kva tid ho eventuelt vart reist, eller når ho vart avløyst av den neste. Lorentz Dietricson skriv i verket «Norske Stavkirker»: «Fræna Kirke (Vaagø) Vàgeyar kirkja - Ytre Romsdal provsti (N.F. s 564). Kirken nævnes første gang 1336 (D.N.IX no 105). Senere nævnes kirken i Trondhjems Reformats 1589 s. 395. Den var i følge besigtigelse av 1661 en stavbygning, da det siges at «4 Kirchestaffuer ehre meget ilde fahrne Neder ved Jorden». Kirken havde et Taarn, som da skulde fornyes, eftersom det i «Storm og Uveir ryster og raver, saa at ingen tør neppeligen i Kirken. Da den nuværende Kirke siges at være bygget i 17de aarhundre, maa Stavkirken, hvis dette er rigtig, være revet mellom 1661 og 1700». Alderen på den omtala stavkyrkja veit me ikkje, heller ikkje noko om utsjånad og innreiding m.v. Men eg skal seinare i drøfting av modellen av ei kyrkje på Vågøya, kome attende til dette spørsmålet. Det ser ut til at Lorentz Dietrichson ikkje har kjent til byggetid og byggerekneskap for den kyrkja som avløyste stavkyrkja i 1660-åra. Men Fræna bygdeboknemnd v/Marius Sandvik fann dette i dei gamle kansellirekneskap på Riksarkivet 1983. Byggerekneskapen fortel at stavkyrkja vart riven 1660-åra, og at ei ny korskyrkje vart bygd i 1669.

I rekneskapen står følgjande; « 1669 Haffuer Kiercheværgen effter ordre och Beuilning ladet opsette en Gandsche ny Krydz Tømrit Kirche, huortil aff Almuen er giffuet och fremført til Kirchen i sig sielff, mens Snidcher saavelsom Tømmer til Taarnit och andre paagaaende Omkostning er annammet som følger:-» o.s.v. Dette viser at kyrkja vart bygd som ei korskyrkje. Byggerekneskapen er svært detaljert. Sidan dette dokument er trykt i Gamalt frå Fræna 1983, går eg ikkje nærmare inn på det her. Hans Haukås fortel ei segn om at folket på nordsida av fjorden ønskte å reise kyrkja på Tornes, og at tømret derfor låg oppankra der, men at ein storm reiv tømmerflåten laus og førte han over til Vågøya. Folket tok dette som eit varsel frå Gud - derfor vart korskyrkja oppført på den gamle kyrkjestaden. Korkje byggerekneskapen eller andre dokument stadfester denne segna, men truleg er ho ein indikasjon på at det alt den gongen var diskusjon om lokaliseringa. Det har vore vanskeleg å skaffe opplysningar om korskyrkja. Etter som ho brann så seint som i februar 1900, kunne ein vente at det fanst detaljerte, skriftlege informasjonar om kyrkjehuset, eventuelt også bilete. Hittil har ein ikkje funne slike dokument. Derfor lyt ein prøve å «gjenskape» korskyrkja ut frå byggereknskapen, ymse brotstykke frå seinare kyrkjerekneskap, rapportar frå synfaringar, og etter det eldre folk i Fræna har fortalt. Med dei atterhald som dette gir, meiner eg at ho såg ut slik: Kyrkja var lafta, tårnet var bygd på 4 tårnstakar, som stod ned i golvet midt i huset. Derfor stod ringaren midt i kyrkja, når han ringte. Høgda på tårnet ser ein av rekneskapet, der det vert fortalt at: «Botel Hatle har levert 9 lange Taarn Spirer à 7 faufne lang». Etter det folk seier, var klokkene synlege, d.v.s. at tårnet var ope ved foten, over taket. Tårnet var tekt med bord - i rekneskapen står det:

«Giffuet for 2 Tylfter udvalde och breede Sidebord, til Taarnit». Vidare fortel rekneskapen: «Noch giorde Joen Smed 4 Spir til de 4 smaa Taarn som er paa Kirchen», d.v.s. at det var tårn på kvar av dei 4 gavlane.Taket må ha vore tekt med bord, (seinare er det skifta til teglstein» også veggane var bordkledde utvendig, og til «impregnering» vart det brukt over 5 tønner tjøre. Ymse delar av stavkyrkja vart flytt til nykyrkja, m.a. sakristiet, «skillerummit», klokkene og elles vart bord frå gamlekyrkja brukt til loft over koret m.v. Også tårnspiret frå stavkyrkja vart montert på det nye tårnet. Alteret frå gamlekyrkja vart flytt, og montert frå veggen, slik at folk kunne gå rundt det. Det er ikkje sagt noko om altertavla, men truleg følgde ho med. Vidare nemner rekneskapen at det vart bygd ny trapp til preikestolen - dette kan tyde at også preikestolen var henta frå stavkyrkja.

Om innreidinga veit ein elles:

Det var 53 benkar i dei tre korsane. Langs benkane, inn mot midtgangen var det søyler, 14 i talet, (truleg gjaldt dette berre vestfløyen, med 7 søyler på kvar side). Søylene bar galleriet. Det er ukjent om det var galleri i sør-og nordkorsen.

Benkane hadde dører ut mot midtgangen, og så vidt eg har høyrt, stod det gardsnr. på kvar benk. Galleriet var for eigedomslause (husmenn, «strandsiddere»). Kjønnsdelinga var gjennomført, med kvinneside til Venstre, og mannsside til høgre i alle fløyane. Også galleriet hadde «tausaloft» og «gutaloft». Preikestolen stod på hjørnet mellom koret og sørfløyen (så vidt eg veit). Hans Haukås, som var gamal nok til å minnast korskyrkja, seier at preikestolen, trappa og altertavla var pryda med treskurd og måla bilete. Han nemner elles at treskurden var utført av Peder Andersen. Ein saknar nærmare opplysningar om denne person. Byggerekneskapen syner Og at det var inngangsdører i vest- og ordfløyen. Vidare var det dør inn til sakristiet utanfrå. Korskyrkja var vendt meir på nordvesten enn den noverande, jfr. den murrest som stikk fram på sørsida av Vågøy-kyrkja. Byggearbeidet på korskyrkja vart i hovdusak utført i 1669, under leiing av «Kirchebyggeren Jens Echrim». Jens Eikrem var frå Straumsneset, og han er kjent som kirkebyggar i denne tid. Med seg hadde han 16 tømmer- menn og ei kvinne til å «koke». Byggerekneskapen syner dertil at mann- «efftersom da for en Part af de Andre i skapet har skifta ut arbeidet, m.a. Slot Aand iche kunde haffue alle forbeente paa en tid». Ymse spesialarbeid er utført av serskilte handverkarar, m.a. har «Peder Glasmagar paa Nordmøre» levert vindauge. «Smeden Gullrich Øedegaard» har reparert klokkene, «Joen Smed» har utført smiarbeid til tårnspiret, og han har lagt kopparplater på tårnet m.v. Byggerekneskapen for korskyrkja er til dels samanblanda med driftsrekneskapen for soknet, slik at det er vanskeleg å skilje ut eksakt kva nybygget kosta, men så vidt eg kan sjå, er det brukt noko over 500 riksdalar på bygget. Den gamle Vågøy-kyrkja var «velståande». Rekneskap frå 1664-1665 syner at kyrkja åtte 16 gardar. Dessutan leigde kyrkja ut kyr, og saman med innkomer frå tiende, landskyld m.v., har den årlege inntekt gjort det mogleg for kyrkja å reise nødvendig kapital til nybygget. Ein saknar opplysningar om kva innbu/utstyr kyrkja hdde på 1600-talet, men rekenskapen for år 1700 har med dette:

  • En kalk og disk af sølv, veier 32 lod
  • En gammel messehagel af Wederskinds Tasst med et brunt blommed fløyelskors
  • En messeskjorte
  • Et rødt klædes alterklæde
  • Et tørklæde
  • 2 alterduge
  • 2 messing lysestager
  • Et bækken i fundten
  • En alterbog
  • En salmebog
  • Et lidet skab med laas og hengsler
  • 2 klokker i taarnet
  • En ildkrukke af kobber
  • de forordnede nye salmebøker
  • 1 oktav
  • 1 duodes

Inntektene av jordegods same år er slik:

  • Landskyld; 38 riksdaler, 2 ort, 22 shilling
  • Landbohold bøgsel: 8 riksdaler, 2 ort, 13 1/2 shilling

Rekneskapen for 1705 syner at det no vart lagt nye takbord på kyrkja, då dei gamle var øydelagte av råte. Det same gjaldt svilar m.v. Det utvendige treverket vart tjørebredd på nytt. I 1708 nemner rekneskapen at tårnet trong vøling. Taarnet havde indvendig megen brøstfeldighed idet optanderne var forrådnet og ellers andet tømmerværk som foraarsagede at taarnet mærkelig havde beveget sig og givet sig af fæstet -» Tårnet vart no reparert. Same år vart stoldørene reparerte, - rekneskapen nemner også oppføring av «et stakidt med smukt snedkerværk rundt alteret». Rekneskap for åra 1715-18 nemner m.a.: Heile kyrkja vart tjørebredd utvendig, - det gjekk med 13 tønner tjøre, vidare: «En ny Block (gapestokk) med 4 jernjorder om, hengsler, laas, jernplader ovenfra, spiger at fastslaa, 3 rdl.» Det vart no også innsett dører mellom koret og kyrkjeskipa - (ukjent om dette var med då kyrkja vart bygd 1669). Korskyrkja på Vågøy brann i februar år 1900, etter lynnedslag. Det er sagt at lynavledaren var nedteken i samband med vøling av tårnet, og at det er årsaken til kyrkjebrannen. Svært lite vart berga frå elden. Av innbuet finst det no att berre døypefonten. Elles er eit av dei gamle «kyrkjeskip» på Romsdalsmuseet. På Lindset er det ein fot frå ein eldre døypefont - som truleg har tilhøyrt Vågøy-kyrkja for den noverande fonten kom i bruk. På museet i Trondheim ligg ein halsring frå gapestokken - treverket er borte. Frå alteret vart det berga eit par lysestakar og eit par bøker. Museet i Trondheim har ein modell av ei kyrkje på Vågøya. Ein har hittil trudd at det var ein kopi av den brente korskyrkja, men ymse detaljar er ikkje i samsvar med det som går fram av byggerekneskapen, m.a. er ikkje inngangane markerte, og tårnet er ikkje «ope», slik det var på korskyrkja, «småtårna» vantar m.v. Spørsmålet blir så: Er dette ein modell av den nedrivne stavkyrkja?

Nærmare granskingar kan kanskje gje svar på det. Soga om den nye Vågøy-kyrkja er inntekten i Gamalt frå Fræna 1984, då kyrkja var 80 år. Eg skal derfor no berre ta fram ein del hovuddrag. For det første vart det igjen ein debatt om soknegrensene. Eit mindretal i kommunestyret gjekk inn for å rive Myrbostad-kyrkja og å flytte ho lenger ut over langs fjorden, f.eks. til Eidem, og å byggje ei ny kyrkje i Søre Fræna. Dette standpunktet er velkjent frå 1870-åra, og det vann ikkje tilslutning no heller. I neste fase dreide diskusjonen seg om deling av Ytre Fræna sokn etter fjorden, og bygging av 2 kyrkjer, ei på Tornes, og ei på Hestad, eller ved Risholmen på Helset. Etter ein lang og hard strid, vart saka i røynda avgjort ved bruk av «dobbeltstemme» i soknestyret, der fleirtalet gjekk inn for attereising av Vågøykyrkja på den gamle kyrkjestaden. Mindretalet anka saka, men Kyrkjedepartementet godkjente fleirtalsframlegget i 1902. Dermed var grunnlaget lagt for bygging av den nye Vågøy-kyrkja. Den 24. oktober 1902 vedtok kommunestyret å oppmode byggmeister Ole Havnæs, Ålesund, om å teikne ei kyrkje med 450 sitjeplassar. Den 19. desember same år møtte han opp med teikningane i kommunestyret, som samrøystes vedtok å sende prosjektet til godkjenning i Kyrkjedepartementet. Godkjenning låg føre i kommunestyremøte 05.06.1903. Byggearbeidet vart no utlyst. Det kom inn 3 tilbod, deriblant eit frå Ole Havnæs. Kommunestyreprotokollen lyder slik: «Byggmeister Ole Havnæs anbud paa oppførelse av Vaagø kirke, oppført efter de approberede tegninger og beskrivelser, med de av statens bygningsinspektør fremsatte forandringer og betingelser, vedtages enstemmig for 31.000- et og tredivetusen - kroner. Bildet til altertavlen efter herredsstyrets nærmere bestemmelser medfølger. Byggekontrakten bliver saaledes at underskrive. Byggmester Havnæs var tilstede og vedtog beslutningen m.m. ved egen underskrift. O. Havnæs.» Tilbodet frå Ole Havnæs var altomfattande - kyrkja skulle leverast ferdig for 31.000 kr. Og slik vart det! Hausten 1904 var kyrkja ferdig til vigsling. I Gamalt frå Fræna 1984 er det opplista kven som utførte innreidingsarbeidet, og ein del av dei som var med på byggearbeidet. Men først og sist er Vågøykyrkja Ole Havnæs sitt verk. Han bygde mange kyrkjer i Møre og Romsdal, men sidan dette prosjektet gjaldt kyrkja i heimbygda hans, er det sagt at han gjorde serleg mykje føre med både planlegging og reising av dette hus.Så vart også Vågøy-kyrkja eit meisterverk, både som handverk og kyrkjebygg. Fræna kommunestyre vedtok den 18. oktober 1904 å overta den nye kyrkja, - samrøystes og utan merknader!

KYRKJESØNDAG I GAMLEKYRKJA

Det er no få som hugsar korskyrkja på Vågøya. Dei må i tilfelle vere opp under 100 år gamle, og minna frå barneåra er som kjent usikre og sporadiske. Eg har i det som her fylgjer i hovudsak bygd på det bestefars- og foreldregenerasjonen min har fortalt, - serleg ein samtale eg hadde med Magnus Rasmussen i Nordre Bjørnsund kring 1960. I bonden sine augo står kyrkja på ein høg stad, seier Bjørnson. Agen for det guddommelege var djupt rotfest, - derfor prøvde alle som var flakkeføre å kome seg til kyrkja, når det var høgmesse. Men ei rad andre faktorar drog same vegen. For det første hadde kyrkja - serleg etter pietismen på 1700-talet - vorte meir oppsett på å få folket til kyrkja under gudstenestene. Det hang saman med synet på frelsa, som no meir enn før vart ei personleg sak. Derfor burde kyrkja spreie bibelkunnskapen, slik at flest mogleg kunne nå fram til sæle. Den katekisma Pontoppidan skreiv, heitte såleis: «Sandhed til Gudfrygtighed». Innføringa av konfirmasjonen 1736, og t.d. oppmøteplikt for dei 2 siste års konfirmantar ved visitas, eksaminasjon av dei som bad om lysing for ekteskap, var alt tiltak for å auke kunnskapen i bibeltekstene og kyrkjelege skrifter. Den som viste vankunne, vart «fråjaga» ved konfirmasjonen, eller nekta ekteskap, inntil vedkommande dokumenterte nødvendig kunnskap. Også brot på kristne moralbod vart straffa gjennom kyrkja, ved bøter, i verste fall ved gapestokk eller fengsel. Alt dette batt folket til kyrkja. Dernest var kyrkjesøndagen ein dag då folk møttest, ikkje berre for å høyre Guds ord, men Og for å helse på slekt og vener, spørje nytt, eller å gjere avtalar av mange slag. Alle kunngjeringar frå offentlege instansar vart t.d. fremja gjennom kyrkja. Kyrkjesøndagen kunne derfor bli lang, både av di prestane preika lenge, og for di folk hadde mangt anna å interessere seg for ein slik dag. I følgje Magnus Rasmussen måtte kyrkjebåten frå Bjørnsund vere reiseklar i 8-tida om søndagsmorgonen. Både i Søre og Nordre Bjørnsund tok dei laust med minst ein storfæring kvar. Kvinnene hadde med laupar for mat og «finklede». Alle måtte nemleg ta på seg «varklæde» under roturen. Elles vart kyrkjekleda skjemde av sjøskvett. Karane vart inndelte i lag som skulle bytast om å ro. Første skiftet skjedde ved Sessholmen, det neste ved Steinsneset, og siste laget rodde fram åt «Øyastøå» på utsida av Vågøya, der også båtar frå Stavika, Havneset, eventuelt også Aukra tok land. Kyrkjefolket skulle no skifte klede, - karane gjekk for seg, kvinnene det same - oppe mellom haugane ved Klokkarsteinen. Når alle var omkledde, rusla dei innover etter stigen mot kyrkja. Familiane gjekk roleg og samla -ein skulle ikkje «renne framover flokkane», sa gamlefreningane. Ungar som oppførte seg slik, vart rekna som «uaga» og til vanære for foreldra!

Flokkane løyste seg opp på kyrkjebakken. Her møttest kjenningar, slektningar skulle helse på kvarandre, og ungdomen søkte oftast saman, slik det alltid har vore. Samtalane på kyrkjebakken var eit høgdepunkt for kyrkjefolket. Der utveksla dei informasjonar, og ofte vart avtalar om varekjøp avgjorde, ja, stundom kunne ein handverkar ta med seg ting han ville selje. «I to mæ me einj tiskillingsnavar på berå», hermar dei etter ein navarsmed frå Søre Fræna. Også tinging av tenestefolk, eller hyring av mannskap på fiskebåtar skjedde på kyrkjebakken - stundom knytte unge gutar og jenter varige band ein slik dag. Grunneigarane hadde faste benkar i korskyrkja. Gardsnr. stod på benkane. Etter det Magnus Rasmussen fortalde, var sørfløyen reservert for området frå Helset til Malmefjorden, medan nordkorsen og vestkorsen dekte resten av soknet. Bjørnsundingane var på galleriet. Desse opplysningar må reknast som usikre, sidan Magnus Rasmussen ikkje kunne hugse kyrkja frå den tid Vågøy sokn var udelt.

I alle høve oppfatta bøndene i Fræna det som ei plikt å «bemanne» gardsbenkane under gudstenestene. Far min foralte at det var rekna som ei vanære for slekta, om ein gardsbenk stod tom. Derfor vart det lagt arbeid på å få avgarde ein eller annan av familien, også om tilhøva var vanskelege. Eit fast innslag etter gudstenestene var då lensmannsdrengen steig oppå steingarden ved kyrkjeporten og las kunngjeringar frå statlege styresmakter. Elles selde gardsfolket på Vågøya «rømmebonke» om sommarane. Også kramkarar av ymse slag kunne møte opp - serleg på dagar det var mykje folk ved kyrkja. Storparten av folket kom i båtar, som landa i Vågøy-bukta. Før det vart bru over Valen, var det berre på fjøre sjø at folk kunne kome til øya utan båt. Det var såleis strevsamt å ta seg fram til Vågøy-kyrkja, og messefall for skuld uver vart det mange av. Ein kan derfor skjøne at innfreningane var serleg oppsette på å flytte kyrkja til Indre Fræna. Sylteosen og Malmefjorden er ofte islagte om vinteren, og det skapte tilleggsproblem for folket her. Men så sant vertilhøva gjorde det mogleg, reiste gamlefreningane til kyrkja. Etter kvart vart Vågøykyrkja for trong, truleg var det plass til berre halvparten av kyrkjelyden, om fleirtalet møtte (kyrkja hadde 352 sitjeplassar). Me veit lite om korleis folket opplevde gudstenesta, men dei gamle tala alltid med vyrdnad om kyrkja og gudstenestene. Det dei opplevde her, hadde sett varige merke. For somme var kanskje den store samlinga av båtar som kom frå alle kantar av bygda - kyrkjeklokkene som ringte over solblank fjord, og dei høgtidelege formene, det viktigaste inntrykket. Likevel står det fast at det er den bodskapen kyrkja bar fram som har endra samfunnet vårt frå eit primitivt heidenskap til det me har i dag.

Av Harald Aas

Kjelder:

  • Arkivet til Fræna bygdeboknemnd.
  • Kyrkjebøker og kommuneprotokollar frå Fræna.
  • Gamalt frå Fræna 1983 og 1984.
  • Wisløff: Norsk kirkehistorie.
  • Øverås: Romsdalssoga I-II.
  • Frå ætt til ætt, jubileumsskrift for Myrbostad kyrkje 1980.