Myrbostad kyrkje

 

15.04.2015

Myrbostad kyrkje er den yngste kyrkja i kommunen. Kyrkja er ei langskipskyrkje, bygd i 1880 og påbygd i 1973. Kyrkja har ca 400 sitjeplassar.

Historie:
Myrbostad kyrkje er ei langkyrkje bygt i 1880 i tre. Teikna av arkitekt Nissen. Kyrkja fekk påbygt utvida inngangsparti med garderobe og toalettrom i 1973. Kyrkja har 450 sitjeplassar, bestemt ut frå at det skulle vere plass nok for halvparten av kyrkjelyden, på den tida kyrkja blei bygt. Altartavla frå 1880 er kopi av altartavla som Adolph Tiedemann mala for Tyristrand kyrkje i 1857 og motivet er “Kristus tronande mot gyllen himmel over sky, og mørk jordklode.”Preikestolen er i tre 1880.Døypefonten er i tre 1880. Orgelet, Vestres orgelfabrikk 1979. Det er to kyrkjeklokker, ei støypt i 1879 og ei i 1880 av Bochumer Verein, Gussthal Fabrik.

Etter 1980 er det ikkje utført bygningsmessige forandringar utover vanleg vedlikehald, og innvendig maling av kyrkja på dugnad.

Myrbostad kyrkje var på 70 og 80 talet prega av manglande vedlikehald både innvendig og utvendig. Malinga flassa av mange stader. Fargen på kyrkja var kald med grøne vegger og søyler. Kyrkjebenkene var mørkeblå. Sokneprest Undheim peika fleire gonger på trongen for å restaurere kyrkja. I 1979 vart det sett ned ein “restaureringskornit?‘, med tanke på å pusse opp kyrkja til 100 års jubileet. Førsteantikvar Lars Roede var på synfaring for å fargesette kyrkja. Han konkluderte med at: "Allerede nå synes det imidlertid tilrådelig å foreslå oppmaling i de opprinnelige fargene med klokkerstolen som forbilde, suplert med resultatene av fargeundersøkelser”. Det vart innhenta tilbod frå Hjalmar Moen på oppussing av kyrkja innvendig. Tilbodet var på kr 400.000. I denne summen var det rekna med kr 50.000 til ombygging av det elektriske anlegget. Kommunen såg seg ikkje råd til dette. Arbeidet vart ikkje utført. Sokneprest Foseide skriv slik i kommentaren til årsstatistikken for 1987 som han sende til biskopen:

Myrbostad kyrkje treng sårt til måling innvendig og utvendig. Eg veit ikkje anna råd enn å ta initiativ til å få gjort dette på dugnad. Soknerådet oppnemnde i møtet 21. januar desse til å ha ansvaret for maling av kyrkja på dugnad: Ingebrigt Myrbostad, Eivind Kringstad og Roald Øygard. Komitèen tok straks kontakt med fylkeskonservatoren. Avdelingsarkitekt Christ Allan Sylthe tok synfaring 29/1-1988 for å fargesette kyrkja. Soknerådet hadde sterke ynskje om å endre veggfargen. Den var lysgrøn. Christ Allan Sylthe kom med eit forslag til fargar der han tok omsyn til det gamle, men sette nye fargar til veggflatene. Dermed kunne vi få ei kyrkje med varme fargar som knapt har fått kritikk frå nokon. Arbeidet med førebuinga var alt i gang. Vedlikehaldsarbeidarane i kommunen sette opp stilas. Esvaplatene i taket vart fjerna. Det synte seg at det nokre stader var ope heilt ut i det fri mellom bjelkane i taket. Det vart derfor heilt nødvendig å isolere overgangen mellom vegg og tak. Arbeid vart utført av kommunens vedlikehaldsavdeling.

Sjølve malararbeidet vart utført på dugnad. Det gjekk med liv og lysst. Det var svært mange som stilte til dugnad mange kveldar. Stundom var det så mykje folk at det var vanskeleg å halda alle i effektivt arbeid. Andre tider var det få som tok del. Kvinnene både mala og bar mat. Ein kjempeinnsats. Utan å ha teke stilling til saka tok kommunen del med stilas og isolasjon. Etter det kom det skriv om at soknerådet sjølv måtte koste malinga. Men etter handsaming av søknad i kommunestyret vart malinga dekt av kommunen. Kyrkjeskipet vart stort sett ferdig malt til konfirmasjonen i mai i 1988. Men benker, døypefont, preikestol og diverse småting stod att. Det vart ein ny dugnadsrunde på hausten. Det er lett å sjå at ikkje alt arbeid er utført av fagfolk. Men det er og tydeleg at der har vore både fagfolk og dyktige amatørar. Nokre områder måtte utførast av fagfolk. Perry Tretnes tok på seg å mala døypefonten og alterringen. Det er også han som har mala ramma rundt altertavla. Den vart fargesett og mala etter at kyrkja var ferdigmala. Fargane på ramma rundt altertavla har fått mange kommentarar.