Babysang

 

06.12.2017

Babysang er eit av dei faste tiltaka vi har her i Fræna. Vi har eit kurs på haust og eit på starten av året.

Kva er babysang?

Vi syng og leiker med rim og rytme for og saman med babyen. Her kan du få friske opp igjen songar, regler og bøner du hugsar frå barndommen, lære nye, og få tips om korleis du kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dine.

Kvifor skal de vere med på babysong?
- Gjennom rytme, sang og musikk blir heile mennesket engasjert, og ein skapar gode augneblink saman med barnet.
- Ein treff andre foreldre  i same situasjon
- Sang er ein god måte å formidle tru og er ein viktig del av den kristne kulturarven.

Datoar for våren 2018 er:

17. og 31.jan
14. og 28. feb
14.mars
4. og 18.april

Samlingane er på onsdagar, med ei slik tidsinndeling:
•    11:30 – 12:00: Babysong
•    12:00 – 13:00: lunsj og sosialt

Stad: Elnesvågen bedehus

Pris for alle samlingane: 300 kr.
Vi stiller med kaffi/te/juice og frukt

Har du ikkje moglegheit til å vere med alle gongene, kan du komme innom enkelte gonger - men gje gjerne beskjed på førehand, så eg veit at du kjem.
Veit du ikkje heilt om du vil bli med kan du bli med første gongen for å sjå om du vil vere med vidare. 

I år vil vi òg prøve å starte opp babysang i Hustad kirke. Her blir det på torsdager, og foreløpige datoer er:

25.jan
8. feb
1.mars og 15.mars
5. og 19.april

Leiar for babysongen er Anne Marie Sødal - kateket i Fræna.  

Påmelding og evt. spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret;
tlf. 71266670 eller e-post til Anne Marie Sødal

For barnet ditt er stemma di det vakraste i heile verda. Det betyr ingenting om du er flink til å synge eller føler at du er lite musikalsk.
Di stemme er den vakraste musikk. Så bli med og syng med barnet ditt!