Konfirmant 2019!

 

12.04.2018

Velkommen som konfirmant!

Kirkerådet har no sendt ut konfirmantbrosjyre til alle medlemmar og tilhøyrande ungdommar født i 2004. Den ligg også her. Frå kyrkja i Fræna er det i tillegg sendt ut eigen brosjyre og det er no åpent for påmelding med frist 15. juni. Påmeldingssida finn du her (Akkurat no ligg det feil dato på konfirmasjon i Bud i påmeldingsskjema. Det står 6.mai i påmeldingsskjema, men det riktige er 30.mai. Berre meld deg på i Bud, så retter vi det til 30.mai seinare. )

Lurer du på konfirmasjon i Fræna får du meir informasjon her. 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja. I Elnesvågen har vi nokre grupper som har dei fleste samlingane på bedehuset.
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Konfirmasjonsdatoar våren 2019:

Vågøy: 5.mai
Hustad: 5.mai
Myrbostad: 11. og 12. mai
Bud: 30. mai (Kristi Himmelfartsdag)

Det er mogleg det blir fleire enn ei konfirmasjonsgudsteneste i fleire av kyrkjene. Da blir det i utgangspunktet to på den same dagen.

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Fræna er for tida :
Anne Marie Sødal, kateket
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest

Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@frana.kommune.no