Velkommen til småbarnsgudstjeneste

 

15.05.2018

Utdeling av spisebrikke til 2-åringer

Barna høyrer like mykje til i kyrkja som vaksne gjer, men gudstenestene er ikkje alltid like lette å vere med på når ein er liten. Vi arrangerer derfor kvart år ei småbarnsgudsteneste som blir lagt opp med mykje song, bevegelse og forteljing som passar for små born. I år blir denne gudstenesta søndag 27.mai kl 16:00.

Alle barn frå heile kommunen er hjarteleg velkomne, og de som fyller 2 år i år er spesielt inviterte til å komme og få ein spisebrikke med bordvers på!


For å ha litt oversikt over kor mange 2-åringar som kjem og kor mange spisebrikkar vi dermed skal dele ut, er det fint om de sender ei melding til nr 906 44 665 eller ein e-post til anne.marie.sodal@frana.kommune.no om de veit de kjem. Men de er velkomne også om de ikkje har gjort det!

Etter gudstenesta blir det kyrkjesaft og frukt.

Det blir sendt ut invitasjon til 2-åringane som er medlem og tilhøyrande (ein av foreldra er medlem) i forkant av gudstenesta. De er velkomne også om de ikkje har fått invitasjon!