Festdag i Bud

 

12.06.2017

Bud var kledd til fest søndag 11. juni. Flagga var heist, det var blå himmel, og det var ein fryd å komme køyrande ut i Buaværet og til kyrkja. Kyrkja var så fin som det er lenge sidan den har vore. Nyrestaurerte alterbilete og alterring, nye tepper på golvet, og hagelaget hadde pynta flott med sommarblomster. Ute vaia flagget på den nyreiste flaggstanga, og det var slått opp telt til dei som ikkje fekk plass inne i kyrkja.

Dei som var tilstade fekk oppleve ein fest av ei gudsteneste. Det var godt dørene stod opne, for hadde dei ikkje gjort det hadde nok songen løfta taket. Det var mange som var med å bidrog til å gje eit ekstra festpreg. Kantor Tor Moe hadde fått med seg Randi Anita Dale på kornett, Bud mannskor song og det same gjorde Christina Frisnes, som hadde med seg Finn Tungehaug som akkompagnør.

På prestesida deltok både biskop, prost og dei tre prestane som jobbar i Fræna. Biskopen minna i preika om alt som har skjedd i kyrkja, og det at den er ei korskyrkje alltid minner om korset som vi bygger trua på. Vi kan òg teikna oss med korsets teikn kvar morgon og seie: «Eg høyrer Kristus til»

Siste salme i gudstenesta var jubileumssalmen til Tone K Bergseth «Kyrkja vår er heilag», og det var tydeleg å høyre at folk var glad i kyrkja si da dei sang med.

For kyrkja vår er heilag,
den gir oss kraft i storm og nød.
Den viser oss Guds kjærleik
som styrker gjennom liv og død.

Gudstenesta vart tatt opp av NRK og blir sendt på P1 søndag 16. juli kl 11:03.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi på kyrkjebakken med sal av jubileumsbok og lodd. Boka er til sal i butikkane i Bud og på kyrkjekontoret .

Det var òg lunsj for inviterte gjestar på Bud samfunnshus etterpå. Her fekk vi sjå mellomtrinnet på Bud skule vise korleis det gjekk føre seg i kyrkja på 1800-talet med både dåp, konfirmasjon og vigsel. I tillegg til god mat fekk vi helsingar frå mellom anne riksantikvar, ordførar, prost og både tidlegare og noverande sokneprestar.

Det vart ein festdag der vi kjende at mange er glade i og stolte over kyrkja i Bud, og vi håpar den vil vere viktig for folk i generasjonar framover.

Når det er 300-årsjubileum er det lov å gje gåver. Bud kyrkje treng sårt ein nytt orgel, så om nokon vil vere med å gje ei gåve til orgelet set soknerådet stor pris på det. Det kan gjevast på vipps #83360