Er du vår nye organist?

 

05.04.2018

Eller kjenner du nokon som kan bli det?

Vi har no ledig stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar i 80 % i Fræna med hovudarbeidsstad Bud og Hustad.

Fræna kyrkjelege fellesråd har 4 kyrkjer og tre sokneråd. Vi er tre prester, forhåpentlegvis snart to organistar igjen, kateket, kyrkjeverje, kontormedarbeidar  og kyrkjetenarar.  Og no håper vi å få deg med på laget!


Hustad Kirke er ei kyrkje fra 1875 med eit godt 19-stemmers Walker-orgel frå 2001.

Bud kyrkje feira 300-årsjubileum i fjor. Her er ein orgelkomite i gang med å samle inn penger til nytt orgel. Du kan få vere med å bestemme korleis arbeidsverktøyet ditt skal vere!

Arbeidsoppgåver er

  • - Planlegging og gjennomføring av gudstenester og andre kyrkjelege handlingar  i samarbeid med andre tilsette
  • - (Med)ansvar for kordrift. Vi har no barnekor i begge kyrkjene: Bud barnekor og Hustad Soul Kids og Children. Frivillige leier kora, men vil gjerne ha ein kantor med på laget. I Hustad har vi kirkekoret Stim - eit aktivt kor som er med på gudstenester og arrangerer konserter i ulike stilartar. Det er òg ønskeleg å få til eit ungdomskor.
  • - Vere musikalsk delaktig i trusopplæringsarbeid
  • - Vere musikalsk ressurs i det kyrkjeleg arbeidet i kommunen; andakter, konserter, salmekvelder osv

Kva kan vi tilby:

  • - Lønn etter tariff
  • - Stillingsbeskriving og arbeidsplan
  • - Flott natur og fine folk

Om kommunen

Fræna er ein flott landkommune med fin natur og gode moglegheiter til å komme seg ut både på og ved sjøen og til fjells. Her er det eit aktivt kor- og musikkliv og mykje idrett. Det er òg kort veg til Molde, ein fin småby med mellom anna gode teateropplevingar og konserter.
Sjå meir på kommunen si heimeside

Søknadsfrist 30.april.

Sjå fullstendig utlysningstekst her

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med kyrkjeverje Harald Ednar Hagen på kontortlf: 71 26 66 70 eller mobil 411 47 857. Eller send ein e-post