Kyrkjegardane - stell

 

29.05.2018

Vi har fått inspel om at det ikkje ser så fint ut på gravsteda våre for tida, og det er vi einige i.

Vi veit at folk er glade i kyrkjegardene, og vil at dei skal vere fine og velstelte. Det vil vi og, men det skjer dessverre at vi ikkje får stella dei så godt som vi ønskjer. Vi har, som mange andre, begrensa med økonomi, og i år har vi i tillegg hatt utfordringar med at våren kom tidleg og fort, dei nye grasklipparane vi har bestilt er ikkje kome, dei gamle går stadig sund, og det har vore ein del gravferder og mange fridagar som gjer at vi ikkje har hatt moglegheit til å klippe kontinuerleg. På grunn av alt dette har dessverre Hestadholen ikkje blitt slått enda i år, men det skal skje i dag, tirsdag. Dei andre kyrkjegardene blir tatt fortløpande.

Avfallsdunkane er og fulle nokre stader. Lastebilen som skal tømme dei er også på verkstad, men det blir tatt så fort som mogleg.

Når det gjeld gravstøtter som er skeive, så er det festar som har ansvar for at dei blir retta opp. Festar har og ansvar for graset som står heilt inntil støtta, men vi prøver å få slått der også 2-3 gonger i sesongen.

Det er sjølvsagt ikkje greitt at det ser ustelt ut, og vi tar på alvor at vi ikkje har greidd å halde det så fint som vi ønskjer så langt i vår. Vi ønskjer at det skal vere fint å komme til alle dei sju kyrkjegardane våre, og vi skal gjere vårt beste for at det blir betre resten av sommaren, men når det veks som mest, vil det nokre gonger bli litt langt før vi rekk å klippe over alt.