Konsert med The Brazz Brothers

 

26.06.2018

Velkomne til konsert i Vågøy kyrkje fredag 14.september kl.20!

På denne konserten vil The Brazz Brothers presentere kyrkjemusikk frå fleire verdsdelar og gler seg til å utforske akustikken i vakre Vågøy kyrkje.

The Brazz Brothers kjem frå Langevåg på øya Sula som ligg ut mot havet ved Ålesund. Dei starta sin musikalske fergetur ut i verda ved å skaffe seg solid, klassisk musikkutdanning, men dei bestemte seg fort for å gå sine eigne vegar i eit musikalsk landskap som for dei er grenselaust, vidope, rikt og uendeleg stort. I løpet av sine imponerande 37 år i kontinuerleg bevegelse har dei på reisa hatt over 4000 konsertar i 34 land og gitt ut 21 cd-plater!

The Brazz Brothers består av to brødrepar, Jan Magne Førde på trompet/flygelhorn og Helge Olav Førde som spelar trombone. Runar Tafjord spelar waldhorn og Stein Erik Tafjord  handterer tubaen. Kåre Nymark, også fra Langevåg, spelar trompet. Ein annan sunnmøring, Kenneth Ekornes, tar seg av trommesett og andre slagverkinstrument. 

The Brazz Brothers er ein kollektiv tilstand meir enn det er eit band. Ved å nærme seg musikkens opphav og gå tilbake til eit punkt før den vestlege kunstmusikken, har dei definert sitt eige frigjeringsprosjekt. Ei musikalsk tilnærming de dei jaktar på det menneskelege fellesspråket som lever i musikken. I The Brazz Brothers bor nemleg ein permanent svolt og ein uslokkeleg tørste etter nye groover og uhøyrde klangfargar.

Billettar: vaksne kr.300,- Barn under 18 år kr.100,- Studentar kr.100,- 

Blir seld ved inngang. Kontant/Vipps.

https://youtu.be/2t46Y73COD0