Jazzgudsteneste

 

11.06.2019

Myrbostad Kyrkje 21.juli kl 20.00

Det blir Jazzgudsteneste i Myrbostad kyrkje søndag, 21.juli kl.20.00!

Vi er så heldige å få hit deler av musikkfamilien Øygard Steinkopf og Olav Tornes til å spele og halde jazzgudsteneste, saman med Ellen Schiøtt som prest og lokale forsongarar.

Olav Arne Steinkopf er kantor i Arna kyrkje, og aktiv freelance musikar innenfor mange genre, komponist og arrangør. Har komponert mellom anna LutherJazz og BjerkrheimJazz for kor, jazzband og solistar.

Oda Kristine Øygard Steinkopf spelar kontrabass og studerer ved jazzlinja på NTNU i Trondheim. Til tross for sin unge alder har ho spelt med bla Tineke Postma, Marius Neset og Arild Andersen og delteke i "Framtida i norsk jazz" med "Steinkopf-trio.

Sigurd Steinkopf på trommer er student ved jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen og vinnar av mellom anna "jazz i sikte 2018" med bandet "Trip advisers". Han har spelt med bla Dag Arnesen, Andy Shepherd og Joshua Redman. Delteke i "Framtida i norsk jazz" med "Steinkopf-trio.

Olav Tornes, saksofonar, har sin utdanning frå Berklee College of Music og er for tida rektor i Eide kulturskole. Med sitt melodiøse instrument har han brei erfaring innanfor forskjellige jazz- og musikkgenre. 

Velkomne til eit spennande møte mellom ord, bøn, salmar, liturgi OG jazzmusikken i denne gudstenesta!

Det vert kollekt til kyrkjemusikkarbeidet.

 


Olav Arne Steinkopf


Oda Kristine Øygard Steinkopf

Sigurd Steinkopf