Orgeljubileum Vågøy

 

19.09.2018

Konsert i Vågøy kyrkje

ORGEL OG KRIG - CHACONNE OG POLS

 JonJohn og Turid Trio

Ein trio med: Jon M. Skogstad orgel og piano, John Pål Inderberg saxofon, Turid Røen kroknes alt

Spenstig saksofonmusikk blanda med barokkmusikk og song! Denne konserten

har ein vid himmel over seg, m.a. med verk av Bach og Buxtehude, men også

sjølskriven musikk av Jon Skogstad, til tekstar av Jan Magnus Bruheim, Håkon

Margido Elnan Sundaune og ein tysk (austeriksk) soldat.

Program: orgelmusikk av Storace, Buxtehude og Bach

Chaconne og passacaglia, den første «latinamerikanske» dans.

Musikk av Jon M. Skogstad til tekstar av Jan Magnus Bruheim, Håkon

Margido Elnan Sundaune og ein tysk (austeriksk) soldat.

På Vågøy kyrkjes eminente orgel får vi eit innblikk i ciaconnaens - utvikling

gjennom godt 100 år frå Chaconne til Passacaglia. Ein dans som av bl.a.

Cervantes vart omtala som «dansen frå den nye verda»

I sister del av konserten vil JonJohn og Turid Trio framføre Skogstad verk

«04.06.45» eller «Kennst du das Land wo nie die Sonne lacht». Ein tekst

skrive på ein vegg av ein soldat som venta på tilbakesending etter krigen.

Han var kanskje like glad i å ha vore i landet som nordmenn var for å ha han

her.

Også dette verket inneheld chaconne og pols/courante, slik som også det

øvrige program med div. songar av JMS.