Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Vi inviterer til dåp

 

03.04.2019

Men invitasjonen kjem ikkje lenger i postkassa.

Frå 1. oktober får ikkje lenger Den norske kyrkja vite når medlem får barn, og vi kan dermed ikkje lenger sende ut invitasjon til nyfødte.

Invitasjonen til dåp står framleis, og det gjeld både barn og vaksen.

Her kan du lese dåpsbrosjyra vår

For å lese meir om dåp kan de sjå på kyrkja sine sider

Og her kan de lese litt meir praktisk om dåp, og melde på. 

Velkommen til dåp!

Tidlegare fekk kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregistrer når medlem i DnK fekk barn. På den måten kunne vi lett sende kontakte nybakte foreldre og på den måten invitere til dåp. Frå 1.oktober er det slutt på dette. Ei endring i Folkeregisterlova gjer at trussamfunn ikkje lenger får beskjed når medlem får barn. Barn av medlem i Den norske kyrkja har tidlegare vore rekna som tilhøyrige, det kan dei fortsatt vere, men no skjer ikkje registreringa automatisk.