Konfirmant 2020!

 

23.05.2019

Velkommen som konfirmant!

Vi veit at mange har byrja å tenke på neste konfirmantår. No har kyrkjerådet sendt ut konfirmantbrosjyre til alle medlemmar og tilhøyrande ungdommar født i 2005. Den ligg også her

Vi har også sendt ut informasjonsbrev til dei som er medlem og tilhøyrande i Den norske kyrkje i Fræna og Julsundet av 2005-kullet . Påmelding startar her 29.mai kl 17.

Konfirmasjonsdatoar våren 2020 er
Vågøy: 3.mai
Bud: 2. og 3.mai
Myrbostad: 2., 9. og 10. mai
Hustad: 21. mai

Nokre dagar blir det meir enn ei gudsteneste.  For å vere sikra å få den konfirmasjonsdatoen ein ønskjer, er det lurt å melde på kort tid etter at påmeldinga åpnar onsdag 29.mai kl 17:00.

Lurer du på konfirmasjon i Fræna er det meir informasjon under. 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja eller på bedehus. 
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Fræna er for tida :
Anne Marie Sødal, kateket
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest
Ellen Schiøtt - prestevikar. 

Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no