Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Konfirmant 2021!

 

14.05.2020

Velkommen som konfirmant!

Midt i ei tid der det meste står på hodet, tenkjer vi også på det som ligg framom. Og vi veit at mange har byrja å tenke på neste konfirmantår. No har kyrkjerådet sendt ut konfirmantbrosjyre til alle medlemmar og tilhøyrande ungdommar født i 2005. Den ligg også her. 

Vi skal sende ut informasjonsbrev lokalt også, til dei som er medlem og tilhøyrande i Den norske kyrkje i Hustadvika og Julsundet av 2006-kullet . Det har stått at påmeldinga startar her 27.mai. Men på grunn av at vi venter på ei oppdatering av heimesidene våre, så er det litt utsatt, og vi skal seie frå når det skjer.  

Konfirmasjonsdatoar våren 2021

Vågøy: 2.mai
Hustad: 2.mai
Myrbostad: 8. og 9. mai
Bud: 13.mai

Nokre dagar blir det meir enn ei gudsteneste.  For å vere sikra å få den konfirmasjonsdatoen ein ønskjer, er det lurt å melde på kort tid etter at påmeldinga åpnar onsdag 27.mai kl 17:00.

Lurer du litt på dette med konfirmasjon, kan du lese meir informasjon under: 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja eller på bedehus. 
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Fræna er for tida :
Anne Marie Sødal, kateket
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest

Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no