Konfirmant 2020!

 

24.06.2019

Har du ikkje meldt deg på? Du kan framleis få vere med. 

Påmeldingsfristen til konfirmantar 2020 var 21. juni, men det er kanskje nokon som ikkje har fått med seg fristen? Da er det framleis mogleg å melde seg på.  Påmeldinga gjer du her.

Konfirmasjonsdatoar våren 2020 er
Vågøy: 3.mai
Bud: 2. og 3.mai
Myrbostad: 2., 9. og 10. mai
Hustad: 21. mai

Nokre dagar blir det meir enn ei gudsteneste. Etter kvart som det er fullt på dei ulike gudstenestene står ikkje dei lenger som alternativ i påmeldinga.  For å vere sikra å få den konfirmasjonsdatoen ein ønskjer, er det lurt å melde på kort tid etter at påmeldinga åpnar onsdag 29.mai kl 17:00.

Lurer du på konfirmasjon i Fræna er det meir informasjon under. 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja eller på bedehus. 
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Fræna er for tida :
Anne Marie Sødal, kateket
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest
Ellen Schiøtt - prestevikar. 

Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no