Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Velkommen som prest i vakre Fræna!

 

19.07.2019

Er du vår nye prest, eller kjenner du nokon som kan bli det? 

Stilling som kapellan i Vågøy og Myrbostad er no lyst ut igjen. 

Vi kan tilby flotte kyrkjer, fine folk og vakker natur. Og no håper vi å få deg med på laget! Fræna kyrkjelege fellesråd har 4 kyrkjer og tre sokneråd. Vi er to organistar, kateket, kyrkjeverje, kontormedarbeidar  og kyrkjetenarar og forhåpentligvis snart tre prester.  Frå 2020 blir også dei som arbeider i Eide ein del av same fellesskapet, med prest, organist, trusopplæringsarbeider, kyrkjetenar og assisterande kyrkjeverje. 

Vi har og mange ulønna madarbeidarar og samarbidspartnere: sokneråd, klokkarar, tekstlesarar, korleiarar, søndagsskuleleiarar + + 

Vår nye kapellan skal ha hovuddelen av jobben i Vågøy og Myrbostad sokn med kyrkjene Vågøy kyrkje:

og Myrbostad kyrkje:

Om kommunen 

Fræna er ein flott landkommune med fin natur og gode moglegheiter til å komme seg ut både på og ved sjøen og til fjells. Her er det eit aktivt kor- og musikkliv og mykje idrett. Det er òg kort veg til Molde, ein fin småby med mellom anna gode teateropplevingar og konserter.
Sjå meir på kommunen si heimeside

Frå 2020 blir vi slått saman med Eide kommune og heiter Hustadvika kommune

Full utlysingstekst og søknadsinformasjon finn du her