Klangfestival - konsertgudsteneste

 

06.08.2019

Søndag 18.august kl 12 - radioinnspeling

Kvart år på klangfestivalen har vi konsertgudsteneste på søndag. Konsert og og gudsteneste i eitt - på jazzmåten. 

Roaldsnes fem med André Roligheten, Dag-Filip Roaldsnes, Hayden Powell, Tore Sandbakken og Trygve Fiske står for mykje av musikken. Klangkoret under leiinga av Gunn Sissel B Håseth deltek, det same gjer Kåre Nordstoga.

Sokneprest Finn Ove Kaldhorn er liturg.

I år blir det gjort opptak av gudstenesta av NRK, så møt i god tid. 

Det er mykje anna fint som skjer på klangfestivalen. Følg med på www.klangfestivalen.no  og følg klangfestivalen på facebook