Kyrkjeval 8. og 9. september

 

12.08.2019

Di stemme tel! Førehandsstemming startar 13.august.

Har du fått med deg at det er kyrkjeval i år? At du som er medlem kan vere med å påverke kva som skjer i  kyrkja her i Fræna, og at du kan vere med å bestemme kven som skal sitje i kyrkja sitt «storting»?

Kva er eit kyrkjeval?
I eit kyrkjeval kan alle medlemmar av kyrkja, frå det året dei fyller 15 år, vere med å bestemme kven som skal vere tillitsvalde i kyrkja lokalt, regionalt og nasjonalt.

Kvifor er alle medlemmane med å bestemme kven som skal styre kyrkja?
Kyrkja vår er demokratisk, og alle medlemmane kan vere med å forme kyrkja. Det er viktig at det ikkje berre er dei som aktivt går i kyrkja som er med å forme den, men alle! Alle som er døypte er like mykje verd som medlem av kyrkja, og kan vere med å påverke utviklinga i kyrkja.

Kva er skilnaden på kyrkja «lokalt, regionalt og nasjonalt»?
Når vi snakkar om kyrkja lokalt, er det kyrkja der du bur her i Fræna. Den regionale kyrkja er Møre bispedøme. Det nasjonale nivået er Kyrkjemøtet. Det er om lag 1200 kyrkjelydar fordelt på elleve bispedøme i Noreg. I Kyrkjevalet stemmer du på representantar til både sokneråd og bispedømmeråd/Kyrkjemøtet.

Er valet eitt eller to val?
Kyrkjevalet er to val i eitt, ikkje så ulikt kommune- og fylkesvalet, der alle over 18 år kan stemme på politikarar til både kommunestyre og fylkesting. I Kyrkjevalet stemmer ein altså på kandidatar til sokneråd og kandidatar til bispedømeråd og Kyrkjemøtet. I alle bispedøme kan ein velje mellom fleire lister i val av bispedømeråd, medan i soknerådsvalet er det mest vanleg med ei liste. Ein må fylle 15 år i år for å få stemme, som er religiøs myndigalder i Noreg.

Kva gjer eit sokneråd/Menighetsråd?
Soknerådet/menighetsrådet bestemmer kva kyrkjelyden skal jobbe med. Rådet er involvert i utforming av gudstenester, konfirmantundervisning, tiltak for born, eldre, innvandrarar og andre. Soknerådet gjer ein verdifull innsats for kyrkja i lokalmiljøet og har mellom fire og ti medlemmar, i tillegg til varamedlemmar og sokneprest.

Kva gjer eit bispedømeråd?
Bispedømerådet er dei som tilset prestar, og jobbar til det beste for kyrkja i bispedømet.

Kva gjer Kyrkjemøtet?
Dei som vert vald inn i bispedømeråda utgjer Kyrkjemøtet, der medlemmane er med å påverke viktige retningsval på nasjonalt nivå i kyrkja. Kyrkjemøtet vert ofte omtalt som kyrkja sitt «storting».

Kven skal eg stemme på?
I dei fleste kyrkjelydar er det berre ei liste ved val av sokneråd. Denne er sett saman av ein nominasjonskomité.
I dei fleste bispedøma kan du velje mellom kandidatar frå Bønnelista, Nominasjonskomiteens liste og Åpen folkekirke.
Ved begge vala kan du levere lista utan å gjere endringar, men du kan òg gjere endringar for å gje ekstra stemmer til nokre personar. Du finn meir informasjon om kandidatar og lister til begge vala på kyrkjevalet.no Her finn du også informasjon om kva endringar du kan gjere på stemmesetelen.

Kva er skilnaden på listene i bispedømerådsvalet?
Listene har ulik profil, du kan besøke heimesidene til dei ulike listene for å verte betre kjent med kva kandidatane står for.

Korleis veit eg at eg er medlem og kan stemme?
Dersom du er døypt og ikkje har meldt deg ut av kyrkja er du medlem. Du kan sjekke om du er medlem ved å gå inn på kyrkja.no/medlem. Der kan du også melde deg inn, om du er utmeld. Alle medlemmar i Den norske kyrkja som er busett i soknet har stemmerett. Alle som er fødd i 2004 eller tidegare som har stemmerett får tilsendt valkort i starten av august. Då får du òg ei brosjyre som fortel meir om valet.

Når er Kyrkjevalet?
Det er val kvart fjerde år, samtidig med kommunevalet. I år er valdagen måndag 9. september, og i Fræna kan du også stemme på Fræna ungdomsskule søndag 8. september i tillegg.
I Fræna kan du også førehandsstemme i perioden frå 13. august til 5. september på kyrkjekontoret i opningstida (tirsdag 12-15, onsdag og torsdag 10-15). Du kan førehandsstemme kvar som helst i landet, berre hugs å ta med legitimasjon. Dersom du skal førehandsstemme i eit anna sokn enn der du bur må du gjere det seinast 2. september.

Kvar er valet?
Kyrkjevalet skal gå føre seg i lokale som ligg «tett attmed» lokale til kommunevalet. Mandag 9.september kl 13-20 er stemmelokala opne. 
Bud sokn: Bud barne og ungdomsskule 
Hustad sokn: Tusenborg - Farstad og Hustad barne og ungdomsskole
Vågøy og Myrbostad sokn: Fræna Ungdomsskule, Tornes skule, Bygdahuset Vonheim og Jendem skole. 

I tillegg er altså stemmelokalet på Fræna ungdomsskule også opent søndag 8.september kl 13-18

Det er altså same tid og stad som kommunevalet. Det skal vere godt skilta, og lett å finne fram. Du får informasjon om tid og stad for valet i din stemmekrets på valkortet.

Meir informasjon om valet finn du på www.kyrkjevalet.no

Du kan også lese meir i valgnummeret til menighetsbladet