Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Velkommen til Hustadvika kyrkjelege fellesråd

 

02.01.2020

Frå 1.januar 2020 har Fræna kyrkjelege fellesråd blitt slått saman med Eide, og vi har blitt Hustadvika kyrkjelege fellesråd. Vi er framleis inndelt i sokna vi hadde frå før, Eide menighet, Hustad menighet, Bud sokn og Vågøy og Myrbostad sokn.

Vi trur ikkje de vil merke så mykje endring no i starten, men det skjer nok litt oftare enn før at prestane frå Fræna dreg til Eide og omvendt. Det same med organistar. 

Noko av det som har skjedd er at vi har fått e-postadresser som ender likt @hustadvikamenighet.no (Hustadvika menighet finst ikkje, men det vart denne e-postadressa likevel...) 

Vi skal etter kvart få felles heimeside, og vi har ei felles side på Facebook "kirka i Hustadvika" Søk gjerne opp den, og lik sida.

Søndag 5.januar vert det gudsteneste for heile fellesrådsområdet i Hustad kirke kl 11. Her deltek alle sokneprestane og organistane, og vi håpar mange kjem slik at vi blir litt kjent på tvers av sokna.