Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Matteuspasjonen av Knut Anders Vestad

 

07.02.2020

Vågøy kyrkje laurdag 29.februar kl.18

 

Nidaros domkor URFRAMFØRER  Matteuspasjonen for kor, solister og orgel av Knut Anders Vestad.

Nesten 300 år etter at Bach skreiv sin Matteuspasjon, har Knut Anders Vestad laga ein ny. Teksta blir framført på nynorsk og musikken er folkemusikkinspirert.

"Eg bruker same opplegg som Bach, men der han har koralar frå si samtid, brukar eg norske folketonar" seier Knut Anders Vestad, Aureosingen som er busett i Trondheim og som til dagleg arbeider ved institutt for musikk ved NTNU.

Med denne nyskrevne Matteuspasjonen av Vestad, besøker Nidaros domkor Vågøy kyrkje. Nidaros domkor er eit av landets fremste kyrkjekor som held til i Nidarosdomen i Trondheim. Koret framfører verk frå alle epokar, men har dei siste åra lagt vekt på å fremje ny kyrkjemusikk med bestillingsverk, til inspirasjon for både dirigentar, songarar og korlivet i Noreg.

Medvirkande:

Nidaros domkor

Karen Hagom Olsen-dirigent

Magne Harry Drågen-orgel

Billetter selges i døra (200,-150,-100,-)

Velkommen!