Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Konfirmasjonsdatoar hausten 2020

 

17.03.2020

Konfirmasjon

Vi veit at mange lurer veldig på kva som skjer med konfirmasjonane. I går kom det ut i media at det anbefalast at konfirmasjonane flyttast til hausten, og vi har no fordelt korleis det blir med konfirmasjonane her i kommunen i haust. Her er foreløpig plan for konfirmasjonane:

  • Myrbostad 22. og 29. august og 12.september 
  • Bud 29. og 30. august 
  • Eide 5. og 6. september 
  • Vågøy 5. og 6. september 
  • Hustad 12. september

Vi skriv foreløpig, fordi vi ikkje veit meir enn nokon andre korleis verda ser ut i haust, men vi satsar på desse dagane. Det står foreløpig ikkje klokkeslett, fordi vi tenkjer at det kan vere aktuelt med fleire konfirmasjonar med færre på kvar gudsteneste enn vi hadde sett opp i utgangspunktet, dette er også noko vi må sjå an ut frå anbefalingar og påbod frå myndigheitene.   

Vi har prøvd å ta omsyn til at ikkje alt for mykje skal skje på same dag i ulike kyrkjer, med tanke på lokalar og matbestilling.

Konfirmantsamlingar

Vi kan jo heller ikkje ha samlingar og undervisning som før, men det kjem til å dukke opp ting på nett etter kvart. Vi må berre tenke litt kreativt, og kanskje lære oss nokre nye tekniske løysingar.. 😉 Og så blir det fasteaksjon på nett, og den skal de snart få meir informasjon om!

Vi ønskjer dykk alt godt i dagane framover. Det er ein rar situasjon vi står i, men vi står saman på avstand. Og ein ting er i alle fall sikkert, dette blir ei konfirmasjonstid vi alle vil huske!