Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Kyrkjekontoret er stengt

 

17.03.2020

Men vi er framleis kyrkje

Kjære kyrkjelyd – Nåde vere med dykk, og fred frå Gud vår far og Herren Jesus Kristus.

Vi er i ei spesiell tid for tida. Alt stenger ned, mange blir sittande aleine rundt om kring utan noko særleg fellesskap. Og vi treng litt nåde og fred alle saman.

Sjølv om kyrkjekontoret er stengt, så er vi framleis kyrkje. Og vi jobbar med kreative måtar å vere saman på avstand. Følg med på heimesida og facebooksidene våre, så dukkar det kanskje opp noko fint innimellom.

Treng du å få tak i oss som jobbar i kyrkja – sjå på kontaktsida med mobilnummer til dei ulike av oss som jobbar her. Eller send gjerne mail til kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no 

Vi som jobbar i kyrkja er også tilstade for å kunne snakke med folk, så om du treng ein samtale – ta kontakt for å avtale når det kan passe å snakkast. Vi skal helst ikkje møtast i denne tida, men vi snakkar gjerne på telefon eller via messenger, skype, mail og andre web-baserte løysingar.  

Så gler vi oss alle til å kunne samlast på ekte igjen!

Fram til da – ta vare på kvarandre.