Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Fasteaksjonen - i år digital!

 

24.03.2020

Gje eit liv med reint vatn!

Kvart år er mellom anna konfirmantane ute og samlar inn penger til Kirkens nødhjelp. I år kan vi ikkje ut å gå, men fastekasjonen er viktigare enn nokon gong! Mykje av fokus er på å skaffe reint vatn til dei som ikkje har det. Og det er ekstra viktig no under store virusutbrot. Korleis kan ein ha god hygiene utan reint vatn…?

1 av 9 menneske i verda lever utan tilgang på reint vatn. Mange stader gjer dette at barn som Kila ikkie kan gå på skole, fordi dei må hente vatn eller blir sjuke. Reint vatn forandrar liv. For 200 kr kan du gje eit menneske tilgang til reint vatn resten av livet

Vi kan jo ikkje ut å gå med bøsser i år, derfor foregår aksjonen digitalt. De kan gje penger via facebook, vipps, sms på telefonen og sette inn direkte på konto. Del gjerne aksjonen med mange, og bli ein digital bøssebærar som oppfordrar andre til å gje. 



Her finn de informasjon om korleis ein kan gje:

Via facebook: 

Innsamling Bud: https://www.facebook.com/donate/530706184509899/

Innsamling Eide: https://www.facebook.com/donate/198387604776022/2952344211519260/ 

Innsamling Hustad: https://www.facebook.com/donate/191416355627324/

Innsamling Vågøy og Myrbostad: https://www.facebook.com/donate/239

– Vipps: Send ditt bidrag til 2426
– SMS: Send kodeord VANN til 2426 (200 kr)
– Sett inn eit beløp på gavekontoen  til Kirkens Nødhjelp: 1594 228 7493. Merk gåva med «Fasteaksjonen».

Da håpar vi de vil gjere ein kjempeinnsats med å samle inn penger digitalt. I fjor samla vi inn ca 70.000 i Vågøy/Myrbostad, ca 18.000 i Hustad og ca 16.000 i Bud. Kan vi slå det?  Aksjonen varer fram til 31.mars