Kyrkja i Fræna > Artikler > Nyheter

Velkomne til gudsteneste igjen!

 

19.05.2020

i kyrkjene! 

No kan vi endeleg møtast igjen til gudsteneste! 

Kristi himmelfartsdag blir det gudsteneste i Eide kirke kl 11.00 - denne blir også sendt direkte på youtube. 
Søndag 24.mai blir det kveldsgudsteneste i Myrbostad kl 20:00
Og så er det berre å følge med i kalenderen her på sida for å få oversikt over gudstenestene vidare. 

Vi følg smittevernsreglane, så det er plass til 50 personar på gudstenesta, og det er normalt sett nok til at alle som kjem får plass. Alle må halde ein meters avstand til folk ein ikkje er i husstand med og vaske hendene eller bruke spritflaska som står innanfor døra. 

Av smittesporingsomsyn er det også slik at vi må notere ned alle som kjem, og dei listene blir oppbevarte i 10 dagar. Kom dermed gjerne i litt god tid, så vi rekk å skrive dykk inn på veg inn. 

Vi gler oss til å feire gudsteneste saman med dykk! 

Det blir også framleis lagt ut nokre gudstenester/andaktar på nett.  Du finn det digitale tilbodet vårt på facebook og Youtube. Begge stadene på "Kirka i Hustadvika"