Velkommen til dåp


 

Det er ingen aldersgrense på dåp, så om du er 0, 5, 15 eller 50 er du velkommen til dåp i kyrkjene i Hustadvika!

Det er mogleg med dåp på dei fleste gudstenestene våre, men nokre gudstenester har vi ei grense på kor mange dåp vi kan ha, og nokre gonger har vi ikkje dåp fordi det blir for mykje saman med det som elles skjer i gudstenesta.

De kan bruke Påmeldingsskjemaet for å finne ledige søndagar/gudstenester med dåp. Dette skjemaet kan oppdaterast og sendast inn på nytt seinare dersom de ikkje har alle opplysningane klare no.  De får bekrefting på at dåpsdatoen er ok første dag sekretær er tilbake på jobb (opningstidene til kontoret), og så vil ein prest ta kontakt med deg i forkant av dåpen for å avtale dåpssamtale.

I sommar kan det ta meir tid før de får tilbakemelding på påmeldinga, så om det er noko som gjeld dei næraste vekene - ring kyrkjekontoret om de ikkje får tilbakemelding. 

No i desse coronatider er det litt ekstra begrensning på korleis vi gjer det med dåp, så ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dag, om de ikkje finn ein dag som passar i påmeldingsskjemaet. 

NB - om de ikkje bur i Hustadvika eller Julsundet må de ta kontakt med kyrkja der de bur for å avtale dåpssamtale der.

Dersom de heller vil melde til dåp ved å snakke med oss, ikkje finn ønska søndag, får problem, eller har andre spørsmål er det berre å ta kontakt direkte med oss på kyrkjekontoret, enten ved å ringe nr 71 26 66 70 eller komme innom. Opningstidene våre er tirsdag 12-15, onsdag og torsdag 10-15, og adressa er Bøen 7 – rett bak rådhuset i Elnesvågen. Eller kirkekontoret på Eide - i samme bygg som Coop Extra. 
 
De kan òg ta kontakt på e-post.

Til dåpen skal de òg velje fadrar til barnet.  Desse får eit særleg ansvar for å vise omsorg for barnet og lære barnet om den kristne trua. Fadrane skal vere over 15 år og vere medlem av Den norske kyrkje eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. De må ha minst to fadrar. De treng ikkje å ha fadrane på plass når de melder på til dåp. 

Tilbake