Velkommen til dåp!

Det er ingen aldersgrense på dåp, så om du er 0, 5, 15 eller 50 er du velkommen til dåp i Fræna!

Det er mogleg med dåp på dei fleste gudstenestene våre, men nokre gudstenester har vi ei grense på kor mange dåp vi kan ha, og nokre gonger har vi ikkje dåp fordi det blir for mykje saman med det som elles skjer i gudstenesta.

De kan bruke skjemaet under for å finne ledige søndagar/gudstenester med dåp. Dette skjemaet kan oppdaterast og sendast inn på nytt seinare dersom de ikkje har alle opplysningane klare no. De får bekrefting på at dåpsdatoen er ok første dag sekretær er tilbake på jobb (opningstidene til kontoret), og så vil ein prest ta kontakt med deg i forkant av dåpen for å avtale dåpssamtale.

Dersom de heller vil melde til dåp ved å snakke med oss, ikkje finn ønska søndag, får problem, eller har andre spørsmål er det berre å ta kontakt direkte med oss på kyrkjekontoret, enten ved å ringe nr 71 26 66 70 eller komme innom. Opningstidene våre er tirsdag 12-15, onsdag og torsdag 10-15, og adressa er Bøen 7 – rett bak rådhuset.  
De kan òg ta kontakt på e-post.

Dåpsregistrering