Å, signa natt m/Ine Hoem og Edvard Hoem


Ine og Edvard turnerer nå med adventskonserten «Å, signa natt». Sett av kvelden mandag 18. desember kl. 19.30, og ta turen til Vågøy kyrkje for en stemningsfull adventsstund!

Edvard les adventstekstar frå romanane sine og Ine syng den folkekjære gjendiktinga av «O, helga natt» (Å, signa natt) i tillegg til fleire julesongar ho ha gjeve ut dei siste åra: «Å, menneske ved juletid» og «Jamn vegane for Herren» med fleire.

Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om forfedra hans som utvandra til Amerika, og Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi». Siden 2021 har far og dotter turnert med konserten «Alt vi har kjært» med nyskrevne tekster av Edvard Hoem tonesatt av dottera.

«Alt vi har kjært» er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på» Edvard Hoem.

I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt eit unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar. Dette blir ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng Edvards tekstar og sine eigne mest kjente songar, mens Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og sine andre utvandrarromanar.
Dette samspelet mellom far og dotter bør opplevast; humor, alvor, musikk og tekst går opp i ei høgare eining.

På scena: Edvard Hoem - forteljar Ine Hoem - vokal Markus Lillehaug Johnsen - gitar Andreas Ulvo - flygel

Velkomne til ei stemningsfull stund!

Billettar kan ein kjøpe her:

https://konsertivaagoykyrkje.hoopla.no/sales

Tilbake