Klassiske tonar i Vågøy kyrkje 25. mai


Klassiske tonar i Vågøy kyrkje 25. mai


Vårkonsert med Ung Trio og Sangkoret Fjelljom med dirigent Martin Bredin.

Stedet er Vågøy kyrkje laurdag 25. mai kl. 18.00!  

Artistene på konserten er desse: (les meir om artistane lenger nede i saka)

JULIA FJÆRLI - sopran,
MARIA KESSEL HYNNEKLEIV - klaver,
NADIA HAYES SKÅNSENG - fiolin.
SANGKORET FJELLJOM, dirigent Martin Bredin

Trioen er alle opptatt av å dele frå dei store musikalske høgdepunkta klassisk musikk har å by på. Programmet for konserten er som ei skildring av deira reise frå unge nye studentar til profesjonelle musikarar. Vi får høyre musikk av mellom anna Schumann, Grieg, Puccini, og nokre moderne overraskingar. Det blir høgdepunkt med kvart instrument og større numre der trioen får skine som heilhet.
Sangkoret Fjelljom vil synge frå sitt sommarrepertoar.

Saman ønsker dei velkomen til ein uformell aften der dei tek oss med inn i den klassiske musikken sitt univers.

BILLETTAR kan du kjøpe her https://konsertivaagoykyrkje.hoopla.no/ eller kontant/Vipps #84372 ved inngang

Ordinær kr. 275
Ungdom/student kr. 180
Barn under 12 år gratis
Ledsager gratis

Sponsorar: Hustadvika kommune og Romsdalsbanken

Arr. Vågøy og Myrbostad sokneråd

Om du vil vite litt mer om artistene, så kan du lese dette her: 

Presentasjon av trioen Maria Kessel Hynnekleiv (f. 1996) har studert klassisk klaver i Japan, Stavanger og ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Ho er aktiv som kammermusikar, solist og akkompagnatør i mange ulike format. Ho brenn for å formidle klassisk musikk på spanande, interessante og nyskapande måtar og deltek jamleg på konsertar og prosjekter. Ho var seinast aktuell med Rogalandsturnéen “Å veit du den Draum” saman med Ensemble Elnoma og «Påskeklang»-konserter i den stille veka.

Nadia Hayes Skånseng er fiolinist opprinneleg frå Nesodden. Ho har bachelor og master frå Universitetet i Stavanger, samt utdanning i Weimar, Tyskland. Ho er ein erfaren kammermusikar og har mellom anna spelt i kammerorkesteret 1B1, Danske ungdomsensemble, Roma Sinfonietta. Ho har også vore med på prosjekt saman med profilerte musikarar som Leif Ove Andsnes, Lars Anders Tomter, Øyvind Gimse, Eszter Haffner for å nemne nokon. Nadia har og ved fleire høve vore solist med universitetsorkesteret ved UiS. Ho jobbar no som frilans musikar i Oslo samtidig som ho tar vidare utdanning i barokkfiolin.

Sopran Julia Fjærli er 28 år og kjem frå Tomrefjord i Møre og Romsdal. Ho er utdanna operasongar med bachelor- og mastergrad ved Universitetet i Stavanger med Professor Elizabeth Norberg-Schulz som sin sanglærer. I løpet av sine seks år med satsing og studiar har ho vore med i fleire store prosjekt og hatt større roller i førestillingar som Figraos bryllup, Gianni Schicci, Tryllefløyten, Die fledermaus, m.m. I dag bur og jobbar ho i Oslo. For Julia er det viktig å kunne leve av dei musikalske augeblikka som gir deg glede, samstundes som ho får utfordra seg musikalsk.

Sangkoret Fjelljom held til i Julsundet og består av songarar frå Aukra, Molde og Hustadvika. Deira dyktige dirigent er Martin Bredin. Koret syng ulike sjangrar og har dei siste åra framført fleire store musikalske korverk, som Duke Ellingtons «Sacred Concert» med solist Beate Mordal, Nicarguansk bondemesse, solist Ole Andreas Silseth, og seinast i haust deltok dei på NM for kor i Trondheim.

Tilbake