Barnesalmeboka og korprosjekt (9år)


Pause inntil videre.

 

I 2022 er både 9- og 10-åringane OG eventuelle songglade søsken hjarteleg invitert!

Barna får tilbod om å bli med på ein til to samlingar på ettermiddagstid. Der blir det songleik, eit møte med nokre songar i boka, pinse-fortelling, sosialt og noko å bite i. Det lokale prosjektet avsluttast med utdelinga av "Barnesalmeboka" i ei gudsteneste. Spesielt interesserte får bli med vidare på ei meir regional korframføring med eit etablert barnekor rundt pinse.

Oppdag kulturarven vi har fått gjennom salmeskatten i kyrkja! Fleire generasjonar har funnet identitet og sjølvbilde i salmane.

Song er i høgaste grad relevant i dag: song reduserar stress. Samtidig vert konsentrasjon og læring fremja. Opplevinga av mestring og styrka fellesskap vil definitivt gje gode minner!

Bli med på ein verdifull aktivitet som bidreg til å gje livet meining!

Kom som du er og med den stemma du har – du er perfekt!

 

Kvifor «Barnesalmeboka»?

333 salmar: tradisjonelle og nye, norske og utanlandske, verdt å ta med seg vidare på livsreisa.

Omslag med tekstar som har prega den kristne troa i mange generasjonar: Herrens bøn, trosvedkjenninga, velsigninga.

 

Kjenner du fleire som er interessert, må du gjerne ta dei med!!

 

Datoar for 2022:

 

Myrbostad kyrkje:

Samlingskveld onsdag 27.04. kl 1730-1900

Utdeling av "Barnesalmeboka" 01.05. kl 1100

 

Vågøy kyrkje:

Samlingskveld torsdag 19.05. kl 1730-1900

Utdeling av "Barnesalmeboka" 22.05. kl 1100

 

Ytre Fræna (felles opplegg for Hustad og Bud):

Lørdagssamling lørdag 21.05. kl 1100-1230 i Bud kyrkje

Utdeling av "Barnesalmeboka" 22.05. kl 1100 i Hustad kirke

 

I tillegg er det mogleg for dei som vil å opptre saman med Averøy barnekor i friluftsgudstenesta på Atlanterhavsvegen 2.pinsedag !!

 

PÅMELDING til samlingskvelden i MYRBOSTAD / VÅGØY her.

PÅMELDING til lørdagsssamlingen i YTRE FRÆNA her.

 

Tilbake