Utdeling av "Tidslinja" og Mandagz-treff/ Kode B (11år)


For alle som går på 5. trinn! 

Bibelen er den viktigaste boka i kyrkja og den mest leste boka i verda. Mange land har basert grunnlova si på verdiane frå Bibelen. Det er viktig at barn og unge har kjennskap til denne boka for å kunne relatere seg til den.

I gamle Fræna deler vi ut ei fargerik bok som heiter «Tidslinja – Den store forteljinga i Bibelen» til dei som går på 5. trinn. Denne boka fortel mange av dei viktige historiane i Bibelen, og har ei tidslinje som gjer at vi kan sjå historiane i samanheng. Ein søndag i januar/februar blir dei som fyller 11 år i løpet av året spesielt inviterte til ein SuperSøndag i kyrkja kl 1700-1830. Då vert det overrekking av "Tidslinja" til alle som kjem. Vi registrer dykk når de kjem til kyrkja, så vi veit kven som er til stades og skal ropast opp. 

Datoane for utdelinga i 2024 er:

Vågøy kyrkje                                        14.01. kl 1700

Myrbostad kyrkje                                  21.01. kl 1700

Bud kyrkje (felles for Hustad og Bud)   28.01. kl 1700

 

I tillegg til utdelinga inviterer vi alle til å vere med på "Mandagz-treff" (med innhald henta frå blant anna "Kode B"). Bud og Hustad blir invitert saman, og Vågøy/Myrbostad blir invitert saman. Gjennom aktivitetar, leik, Bibel-grublisar, filmsnuttar, snacks og dans, vil deltakarane bli kjende med Bibelen.

Dei store spørsmåla

Korleis vart jorda til? Kvifor er det ulike folkeslag og ulike språk? Korleis kom det vonde inn i verda? Kven er Jesus? Korleis har Bibelen betydning for mitt liv?
Dette er spørsmål vi tek opp.
Vi skal også lære om Bibelen og korleis den er oppbygd.

 

Hustad og Bud (felles opplegg) - AVLYST PGA MANGLENDE PÅMELDING

5.feb, 26.feb, 11.mar

Klarer vi å bli en liten gjeng som møtes direkte etter skoletid kl 1315-1415 disse mandagene??

 

 

Vågøy og Myrbostad (felles opplegg) på Sandsbukta Bygdahus?? - sted kjem vi tilbake til - AVLYST PGA MANGLENDE PÅMELDING

29.jan, 12.feb, 4.mar

alle kveldar kl 1800-2000

 

Kvar Mandagz-treff har eit nytt tema. Så barna burde absolutt få med seg alle dei tre kveldane. Om man allerede veit at man ikkje kan vere med kvar gong, er det betre å bli med ein eller to gongar enn aldri =)

Medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten. Du er óg hjerteleg velkommen om du ikkje er medlem og berre vil få vite meir om Bibelen og delta i eit fellesskap.

 

Påmelding til MandagZ-treff gjør du HER.

 

Tilbake