Babysang


Babysang på Elnesvågen bedehus er eit av dei faste tiltaka vi har. Vi har eit kurs på haust og eit på vinter/vår. Målgruppa er barn i alderen 0-12 mnd.

Kva er babysang?

Vi syng og leiker med rim og rytme for og saman med babyen. Her kan du få friske opp igjen songar, regler og bøner du hugsar frå barndommen, lære nye, og få tips om korleis du kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dine. 

Kvifor skal de vere med på babysong?
- Gjennom rytme, sang og musikk blir heile mennesket engasjert, og ein skapar gode augneblink saman med barnet.
- Ein treff andre foreldre 
- Sang er ein god måte å formidle tru og er ein viktig del av den kristne kulturarven.

Vinter/våren 2023 har vi samlingar annakvar onsdag i oddetallsukene, unntatt 29.mars.

Oppstart: uke 3 (18.januar).

Siste samling før sommeren: 24.mai. 

 

Samlingane har ei slik tidsinndeling:

  • 09:50 - 10:00: registrering
  • 10:00 - 10:45: musikkstund
  • 10:45 - 11:30: lunsj (egen matpakke) og prat


Stad: Elnesvågen bedehus

Pris for alle 9 samlingane dette semesteret: 350 kr. (Ta kontakt med oss dersom økonomi er en utfordring, så finner vi en løsning).
Vi stiller med kaffi/te og frukt.

Ta med eiga babyteppe som babyen din er fortruleg med :-)

Meld dere på her om dere vil vere med: PÅMELDING

Har de ikkje moglegheit til å vere med alle gongene, eller er usikre om dette er "noko for dykk" og vil berre "sjå", kan de kome innom enkelte gonger. Gje gjerne beskjed på førehand, så vi veit at de kjem. 

Leiar for babysongen er Liane Schuldt - menighetspedagog i Myrbostad, Vågøy, Bud og Hustad.  

Eventuelle spørsmål kan rettast til Liane på
mob. 47500377 eller e-post til liane.schuldt@hustadvikamenighet.no 

Bli med i vår facebookgruppe "Babysang Elnesvågen", slik at de er heilt oppdaterte om når vi møtast (eller må avlyse ein sjelden gong pga sjukdom el.l.).

 

FOR BABYSANG PÅ EIDE BEDEHUS I EIDE: SJEKK UT FACEBOOKGRUPPA "Babysang på Eide" FOR MEIR INFORMASJON. 

For barnet ditt er stemma di det vakraste i heile verda. Det betyr ingenting om du er flink til å synge eller føler at du er lite musikalsk.
Di stemme er den vakraste musikk. Så bli med og syng med barnet ditt!

Tilbake