Men invitasjonen kjem ikkje lenger i postkassa.
Mange trur at vi i kyrkja får beskjed om nyfødte barn som har foreldre som høyrer til i kyrkja. Sånn var det nemleg før, og vi krysser framleis av på kva trussamfunn vi høyrer til i samband med fødsel, men frå 1.oktober 2018 fekk ikkje lenger Den norske kyrkja vite når medlem får barn, og vi kan dermed ikkje lenger sende ut invitasjon til nyfødte.
Invitasjonen til dåp står framleis, og det gjeld både barn og vaksen.
Her kan du lese dåpsbrosjyra vår
For å lese meir om dåp kan de sjå på kyrkja sine sider
Og her kan de melde på til dåp.
Velkommen til dåp!
Tidlegare fekk kyrkja fødselsmeldingar frå Folkeregistrer når medlem i DnK fekk barn. På den måten kunne vi lett sende kontakte nybakte foreldre og på den måten invitere til dåp. Men no er det altså slutt på dette. Ei endring i Folkeregisterlova gjer at trussamfunn ikkje lenger får beskjed når medlem får barn. Barn av medlem i Den norske kyrkja har tidlegare vore rekna som tilhøyrige, det kan dei fortsatt vere, men no skjer ikkje registreringa automatisk.