Om konfirmasjon i Hustadvika


Informasjon om konfirmantopplegget i Hustadvika.

 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja. (litt fleire, kortare samlingar på Eide) I Elnesvågen har vi nokre grupper som har dei fleste samlingane på bedehuset.
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon  (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Ansvarleg for konfirmasjonsførebuingane i kyrkjelydane i Hustadvika er for tida :

Ragnhild Fuglseth
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest
Bjørg Myhre, vikarprest

Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no 

Mest sannsylege konfirmasjonsdatoar vidare:

2021

Vågøy: 2.mai
Hustad: 2.mai
Myrbostad: 8., 9. og 13. mai
Bud: 13.mai
Eide 8. og 9. mai

2022

Bud: 8.mai
Vågøy: 8.mai
Myrbostad: 14. og 15.mai
Hustad: 26.mai
Eide: 7. og 8. mai

Er det store konfirmantkull blir det fleire enn ei konfirmasjonsgudsteneste i fleire av kyrkjene. Da blir det i utgangspunktet to på den same dagen, men det kan og bli på ulike dagar.

Tilbake