Gudstenesteprogram for sommaren.


Vel møtt til  gudsteneste  - husk smittevernsråd

 

Det er gudstenester gjennom heile sommaren i kommunen vår. Det er ikkje like ofte i kvar av kyrkjene, men kanskje dette er ei fin tid til å dra til andre kyrkjer, eller få med seg dei utandørsgudstenestene som er. 

Her kan du finne heile programmet for sommaren

Følg med i kyrkjelista i Budstikka, på heimesida og facebooksidene våre for eventuelle endringar og meir opplysningar om kvar gudsteneste.

Det er godt å kunne vere saman igjen. Og så er det framleis viktig at vi har fokus på smitteverntiltak. 

Det er no opna for at vi kan vere 200 personar samla. Dette er det ikkje plass til i kyrkjene våre med dei smittevernstiltaka vi må følgje. Med einmetersregelen er det følgande antal som får plass i kyrkjene: 
Bud: 52
Eide: 60
Gaustad kapell: 30
Hustad: 62
Myrbostad: 72
Vågøy: 80

Dei som høyrer til i same husstand kan sitje nærare kvarandre, det gjer at vi kan få inn fleire, men vi er langt unna vanleg kapasitet. Annakvar benk er avstengt for å oppretthalde avstanden.

Til vanlege gudstenester har vi plass til dei som kjem, så ikkje ver redd for å møte opp på gudsteneste. 

De som kjem må framleis tenke på å halde ein meters avstand til folk ein ikkje er i husstand med og vaske hendene eller bruke sprit (vi har sprit ståande innanfor døra). Ikkje stopp opp i våpenhuset for å prate med folk - her kan det fort bli trangt og vanskeleg å ta omsyn til kvarandre.

Når vi feirer nattverd er hygienen strengt ivaretatt. Ta eit beger - så blir brødet lagt i det (du kan helle det rett i munnen om du ikkje vil ta i det med hendene), så blir også vinen helt i begeret etterpå. 

Av smittesporingsomsyn er det slik at vi må notere ned alle som kjem, og dei listene blir oppbevarte i 10 dagar. Kom dermed gjerne i litt god tid, så vi rekk å skrive dykk inn på veg inn. 

Tilbake