Utdeling av "Tidslinja" og Kode B (12år)


For alle som går på 6. trinn! 

 

Bibelen er den viktigaste boka i kyrkja. Vi syns det er viktig at barn og unge har kjennskap til denne boka. I Fræna har vi i mange år gitt bibel til 11-åringar. Men vi veit at mange syns det er vanskeleg å lese i og bli kjent med Bibelen. Derfor har vi endra dette. Vi deler ut biblar til konfirmantar frå hausten 2020, og deler ut ei fin bok som heiter «Tidslinja – Den store forteljinga i Bibelen» til dei som går på 6. trinn. Denne boka fortel mange av dei viktige historiane i Bibelen, og har ei tidslinje som gjer at vi kan sjå historiane i samanheng. Ein søndag i januar/februar blir dei som fyller 12 år i løpet av året spesielt inviterte til gudsteneste og det vert da overrekking av "Tidslinja" til alle som kjem. Vi registrer dykk når de kjem til kyrkja, så vi veit kven som er til stades og skal ropast opp, og om de vil ha boka på bokmål eller nynorsk. 

Datoane for utdelinga i 2022 er:

Hustad        16.01.2022

Myrbostad   23.01.2022

Vågøy         30.01.2022

Bud            13.02.2022

 

I tillegg til utdelinga inviterer vi alle til å vere med på noko som heiter Kode B. Bud og Hustad blir invitert saman og Vågøy/Myrbostad blir invitert saman. Gjennom aktivitetar, leiker, andaktar, song og dans, vil Kode B-deltakarane bli kjende med Bibelen.

Dei store spørsmåla

Korleis vart jorda til? Kvifor er det ulike folkeslag og ulike språk? Korleis kom det vonde inn i verda? Kven er Jesus?
Dette er spørsmål Kode B tek opp.
Vi skal også lære om Bibelen og korleis den er oppbygd.

 

Hustad og Bud (felles opplegg der vi bytter litt på stad)

26.01.22 i Hustad kirke, kl 1800-1930

02.02.22 i Bud kyrkje, kl 1800-1930

09.02.22 i Hustad kirke, kl 1800-1930

 

 

Vågøy og Myrbostad (felles opplegg der vi bytter litt på stad)

31.01.22 i Myrbostad kyrkje, kl 1800-1930

07.02.22 i Vågøy kyrkje, kl 1800-1930

14.02.22 i Myrbostad kyrkje, kl 1800-1930

 

Barna burde vere med på alle 3 samlingane, men la gjerne barnet ditt bli med også om de ikkje kan på alle.

Medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten, men du er hjerteleg velkommen om du ikkje er medlem òg.

 

Påmelding til KodeB samlingene i Bud og Hustad gjør du HER.

Påmelding til KodeB samlingene i Vågøy og Myrbostad gjør du HER.

 

Tilbake