Utdeling av "tidslinja" og kode B - 11 år


For alle som går på 5.trinn! 

 

Bibelen er den viktigaste boka i kyrkja. Vi syns det er viktig at barn og unge har kjennskap til denne boka. I Fræna har vi i mange år gitt bibel til 11-åringar. Men vi veit at mange syns det er vanskeleg å lese i og bli kjent med Bibelen. Derfor har vi endra dette. Vi vil dele ut biblar til konfirmantar frå hausten 2020, og deler ut ei fin bok som heiter «Tidslinja – Den store forteljinga i Bibelen» til dei som går på 5.trinn. Denne boka fortel mange av dei viktige historiane i Bibelen, og har ei tidslinje som gjer at vi kan sjå historiane i samanheng.. Ein søndag i januar/februar bli dei som fyller 11 år i løpet av året spesielt inviterte til gudsteneste og det vert da overrekking av "Tidslinja" til alle som kjem. Vi registrer dykk når de kjem til kyrkja, så vi veit kven som er til stades og skal ropast opp, og om de vil ha boka på bokmål eller nynorsk. 

Datoane for 2022 kjem...

 

I tillegg til utdelinga inviterer vi alle til å vere med på noko som heiter kode B. Bud og Hustad blir invitert saman og Vågøy/Myrbostad blir invitert saman. Gjennom aktivitetar, leiker, andaktar, song og dans, vil Kode B-deltakarane bli kjende med Bibelen.

Dei store spørsmåla

Korleis vart jorda til? Kvifor er det ulike folkeslag og ulike språk? Korleis kom det vonde inn i verda? Kven er Jesus?
Dette er spørsmål Kode B tek opp.
Vi skal også lære om Bibelen og korleis den er oppbygd.

I  Bud og Hustad prøver vi oss på samlingar rett etter skuletid i kyrkja. 

Hustad

Datoar kjem...

Bud: 

Datoar kjem...

For Vågøy/Myrbostad prøver vi på felles opplegg der vi bytter litt på tid og stad

Datoar kjem...

 

Alle er med på alle samlingane, men la gjerne barnet ditt bli med også om dei ikkje kan på alle.

Medlem i Den norske kyrkja får invitasjon i posten, men du er hjerteleg velkommen om du ikkje er medlem òg.

 

Tilbake