Gudstenester med utdeling i alle kyrkjene! Samlingsstund/4-årsklubb i forkant i forkant
Kvar haust blir alle 4-åringar spesielt invitert til gudstenester.
Der deler vi i gamle Fræna ut "Bibelboka mi" og i Eide "Linda og den lille kirka" til alle dei 4-åringane som kjem.
Hausten 2020 er utdelingane i Hustad kirke 20.september, Bud kyrkje 27.september, Vågøy kyrkje 27.september, Myrbostad kyrkje 18.oktober, Eide kirke 8.november og Gaustad kapell 6.desember.
Alle gudstenestene byrjer kl 11:00. Kom i god tid, så vi får notert ned kven som skal ha bok.
I forkant av gudstenesta er det ei samling for 4-åringane saman med oss som jobbar i kyrkja og søndagsskulane. Samlingane blir slik:
- Hustad kirke onsdag 16.september 17:30-18:30
- Bud bedehus torsdag 24.sept kl 17:30-18:30 sammen med Bud søndagsskule
- Vågøy kyrkje tirsdag 22.september 17:30-18:30 sammen med Søndagsskulen på Valle bedehus og Lørdagsklubben i Julsundet/Jendem
- Myrbostad kyrkje onsdag 14.oktober kl 17:30-18:30 sammen med søndagsskulene i Elnesvågen og på Sylte bedehus.
- Eide kirke (også for de som kommer for å få bok i Gaustad kapell) torsdag 5. november kl. 17-18.15.
Det kjem invitasjon i posten til medlem og tilhøyrande (mor eller far er medlem) i forkant.
Vi håpar mange kjem både på samlinga og på gudstenesta! Kan du ikkje vere med på samlinga i forkant får du likevel bok om du kjem på gudstenesta!
Har de spørsmål - ta kontakt med kyrkjekontoret på 71 26 66 70, eller send e-post til Anne Marie Sødal - kateketen

