Konfirmantoppstart 2021!


Velkommen som konfirmant 2021

 

No har vi så vidt starta konfirmantåret for konfirmant 2021. I Eide og i Hustad har det vore oppstartsamling. Dei andre stadene skal vi til å starte opp no. Det har blitt nokre endringar sidan informasjonsbrevet vart sendt ut, så her kjem ei oversikt over når det er oppstart i kyrkja de høyrer til

Myrbostad kyrkje: Tirsdag 15.sept kl 18.00
Vågøy kyrkje: Torsdag 17.sept kl 18.00
Bud kyrkje: Søndag 20.sept kl 14.00 - Presentasjonsgudsteneste same dag kl 18.00.  

Er de ikkje påmeldt enda, så gjer det no! Lenke til påmelding: Påmelding. Til påmeldinga treng du personnummeret til konfirmanten.  

Kyrkjerådet har sendt ut konfirmantbrosjyre til alle medlemmar og tilhøyrande ungdommar født i 2005. Den ligg også her. 

Vi har også sendt ut informasjonsbrev lokalt, til dei som er medlem og tilhøyrande i Den norske kyrkje i Hustadvika og Julsundet av 2006-kullet. 

Konfirmasjonsdatoar våren 2021

Vågøy: 2.mai
Hustad: 2.mai
Eide: 8. og 9.mai
Myrbostad: 8., 9. og 13. mai
Bud: 13.mai

Nokre dagar blir det meir enn ei gudsteneste.  

Lurer du litt på dette med konfirmasjon, kan du lese meir informasjon under: 

For mange er det ei sjølvfølgje å velje konfirmasjon i kyrkja, andre må tenkje meire over det.  Vel du å vere konfirmant her håpar vi på å gje deg litt nyttig «bagasje» som du kan ha med deg vidare gjennom livet. Det vi ønsker av deg som konfirmant er at du er motivert for å lære meir om den kristne trua og at du deltek aktivt i opplegget vi har.
Dette er hovudmomenta i konfirmantopplegget vårt:

* Temasamlingar; 7 samlingar knytta opp til den lokale kyrkja eller på bedehus. 
* Konfirmantleir
* Pilegrimsvandring
* Lysmesse
* Kirkens Nødhjelps fasteaksjon (årlig innsamlingsaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp)
* 4 sjølvvalde gudstenester
* Presentasjons-, samtale- og konfirmasjonsgudsteneste og øvingar til desse.
Konfirmantleiren har vi på Frænabu på Hostad. Vi er avhengige av at foreldra stiller opp.

Ansvarleg for konfirmanttida i kyrkjelydane i Hustadvika er for tida:
Ragnhild Fuglseth, sokneprest
Finn Ove Kaldhol, sokneprest
Svein Audun Hatlen, sokneprest
Bjørg Myhre, vikarprest


Tlf.nr. som konfirmantane og foreldra kan henvende seg til samanheng med spørsmål som har med konfirmasjon å gjere er : 71266670 (kyrkjekontoret) eller finn prest/kateket under kontaktar.

E-post til kyrkjekontoret: kyrkjekontoret@hustadvikamenighet.no  

 

Tilbake